Hopp til innhold
X
Innhald

Orientering

Orientering var avisa for tilhengjarane av «den tredje vegen» mellom USA og Sovjetunionen under den kalde krigen. Nato-motstandarane på venstre fløy i Arbeidarpartiet skipa i 1961 Sosialistisk Folkeparti, forløparen for Sosialistisk Venstreparti. Orientering blei i praksis det nye partiet sitt talerøyr.

Vekeavisa Orientering blei etablert ved årsskiftet 1952/53 av ei gruppe NATO-motstandarar, i hovudsak knytte til Arbeidarpartiet. Hovudoppgåva til avisa var å «holde ytringsfrihetens råk åpen» under den kalde krigen.

 

Avisa blei til under dramatiske omstende. I eit klima med utbreidd kommunistfrykt var det, for ein opposisjon som skulle ha håp om å bli teken alvorleg, viktig å halde god avstand til kommunistane. Såleis vekte det stor uro då Orientering sitt prøvenummer like før jul i 1952 hadde ei sterk antivestleg slagside. Kort etter blei den eine av dei to gründerane i avisa, ekskommunisten Haavard Langseth, fjerna i eit salongkupp leidd av helsedirektør Karl Evang. Likeins blei den første redaktøren i Orientering, Jakob Friis, detronisert og underlagt Evang-krinsen sin redaktørkandidat, Sigurd Evensmo. Avisa staka så ut ein tydeleg kurs for ein blokkuavhengig tredje veg i utanrikspolitikken.

 

Frå midten av 1950-åra spela avisa ei viktig rolle i hendingane som førte til at Sosialistisk Folkeparti (SF) blei danna i 1961. Det var flytande grenser mellom Orientering-krinsen og det Ap‑tilknytte, opposisjonelle Sosialistisk Studentlag. Personar frå denne krinsen sette i gang det såkalla påskeopprøret mot Ap sin utanrikspolitikk i 1958, og året etter gjennomførte dei etter partileiinga si meining ei ureglementert reise til austblokka. I 1960 vedtok Ap å ekskludere medlemer som var knytte til avisa. Frå 1961 blei avisa i stadig større grad eit talerøyr for det nyetablerte SF.

 

Orientering fekk aldri noka stor utbreiing, men likevel fekk avisa stor innverknad. Ho samla NATO-motstanden i 1950-åra, og etter som «ytringsfrihetens råk» blei breiare utover i 1960- og 70-åra, førte avisa an i ei rekkje spørsmål frå krigen i Vietnam via avkoloniseringsspørsmål til kvinnesak.

 

I byrjinga av 1970-åra spela avisa igjen ei viktig politisk rolle i den turbulente prosessen fram til Sosialistisk Venstreparti (SV) blei etablert i 1975 – der striden om kva som skulle skje med Orientering var ein viktig faktor i den politiske dragkampen mellom ulike syn. Dette førte òg til slutten for publikasjonen. I 1975 blei Orientering oppteken i den nye partiavisa til Sosialistisk Venstreparti, Ny Tid, og Audgunn Oltedal blei den første landsmøtevalde redaktøren.

 

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017