Logo Ørsta Avis
.
Fyrste nummer med namnet Ørsta Avis, 19. mars 1926
.

Ørsta Avis var ei lokalavis for Ørsta kommune, som kom ut frå 1926 og fram til krigsåra. Ho har røter i Søndmøre Avis (1902–1921) og etterkommaren Sunnmøre (1921–1926).

Historie

Sigurd Bergmann starta Ørsta Avis i 1926.

«Bergmann-tradisjonen» grip inn i soga til mange aviser. Fleire trykkeri kjem inn i tillegg, dei fleste på Sunnmøre og i Nordfjord. I bibliografien «Norske aviser» er det meir enn ti personar med slektsnamnet Bergmann. Sigurd Bergmann (bildet) starta Ørsta Avis i 1926. Fleire av søskena var redaktørar eller hadde eigne trykkeri, og dei var aktive i ulike organisasjonar og kulturområder. Sigurd og kona Sofie (fødd Thoresen) fekk elleve born. Fleire av desse førte «Bergmann-tradisjonen» vidare. Då Ørsta Avis gjekk inn i 1941, haldt sonen Harald Bergmann fram med Ørsta Avis Aksidenstrykkeri, frå 1954 i eigne lokaler, og seinare som Ørsta Trykkeri AS som sonen Stig Bergmann no driv i fjerde generasjon.

Sigurd Bergmann starta Ørsta Avis i 1926.
Norsk presses historie.

Soga om Ørsta Avis handlar også om «Bergmann-tradisjonen». I fleire ættledd har familien Bergmann vore trykkerieigarar, og som del av dette også vore med på å gje ut aviser fleire stader i landet. Johan Ludvig Bergmann (1842–1925) kom frå Stjørdal (Stjørdalens Tidende) til Ålesund (Sunnmørsposten) i 1888, og flytta så med familien til Ørsta i 1900 og starta trykkeri der. I 1902 tok han til å gi ut Søndmøre Avis, den første avisa som kom ut i Ørsta.

Avisa var redaksjonelt ei riksmålsavis, men hadde òg band til avisa Aarvak i Ulsteinvik som gjekk inn i avisa i 1921. Same året heldt Søndmøre Avis fram som Sunnmøre og kom ut i Volda til 1926. I desse åra var Torleiv Bergmann (1884–1946) utgjevar. Sunnmøre markerte seg som organ for Venstre, og på landsmål.

Framhaldet blei Ørsta Avis, med første utgåva 19. mars 1926. Bladet skulle ha stoff av særleg interesse for Ørsta-folket både heime og ute, og spaltene var opne «[...] for saklege ordskifte um ymse ting som var uppe i tida».

Den første tida kom Ørsta Avis ut kvar fredag, nokre år seinare to gonger i veka, med fem spalter og fire sider, med Sigurd Bergmann (1871–1957) som utgjevar og med eige prenteverk. Avisa var upolitisk, og det meste var skrive på nynorsk. Tilbod om eigne trykkeritenester var med gjennom alle åra.

I juli 1934 tok Ørsta Avis steget over til tre utgåver i veka, med ei sterk oppmoding om å tinge og lyse i avisa, slik at sambygdingane skulle sleppe «[...] å verte vist til meir eller mindre pålitande uppslag i kassor og på stolpar». Tor Bergmann (1910–2005) var no utgjevar.

Stans i bladutgjevinga

27. september 1940 blei det stans i bladutgjevinga, med tilvising til både usikker trykkeriteknisk satsing og samtida. 23. november 1940 kom det ny melding om at Ørsta Avis no heldt fram som dagblad, i samarbeid med Ålesunds Avis, og med ambisjonar om å bli eit felles tiltak for Søre Sunnmøre.

Avisa skulle koste tre kroner for kvartalet. Som dagblad blei avisa prega av meir nasjonalt, internasjonalt og tidlaust stoff. 11. januar 1941 var det slutt med Ørsta Avis. Dei gamle tingarane hadde svikta, og driftsgrunnlaget sameleis. I avslutningsorda skreiv Ørsta Avis at «[...] Ørsta og Volda er pålag bykommuner å rekna, og det var ikkje meir enn rimeleg at Søre Sunnmøre hadde fått sitt eige lokaldagblad. Men det vert vel ein gong».

Fakta

  • Søndmøre Avis: fyrste nummer 12. februar 1902, siste nummer 29. september 1921.
  • Skifta namn til Sunnmøre: fyrste nummer 3. oktober 1921, siste nummer 31. mars 1926.
  • Heldt fram som Ørsta Avis: fyrste nummer 19. mars 1926, siste nummer 11. januar 1941.
  • Aarvak: fyrste nummer 29. mai 1909.
  • Førebels siste nummer 10. april 1912.
  • Starta opp att 27. mai 1916, siste nummer 21. april 1921, deretter opptatt i Søndmøre Avis.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg