Hopp til innhold
X
Innhald

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten, lokalavis som vart til i bitter strid med den etablerte lokalavisa Midhordland, og som vann den lokale aviskonkurransen.

Os og Fusaposten er ei lokalavis for dei to kommunane Os og Fusa, sør for Bergen, og kjem ut to gonger i veka.
Avisa har sitt utspring i ein strid i Os og Fusa si første lokalavis, Midhordland. Midhordland kom ut første gongen i 1972, etter initiativ frå Vestlandske Mållag.
Christian Fr. Stabell vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i Midhordland i 1973, med Arnfinn Haga som styreleiar. I 1975 var avisa gjord til aksjeselskap, med familiane Haga og Krüger som eigarar. Aksjeutvidingar og endringar i eigarforholda skapte konfliktar mellom redaktør Stabell og dei to eigarfamiliane.
Konflikten toppa seg då eigarane stoppa ein artikkel i trykkjeriet, ein artikkel som redaktøren hadde godkjent. Stabell braut ut, tok med seg dei fleste av medarbeidarane og starta sommaren 1987 den nye avisa Os og Fusaposten.
Den nye avisa fekk på kort tid over 2700 tingarar. Midhordland tapte både tingarar og fekk store kostnader som følgje av dette brotet. Eigarane stemna derfor Stabell og den nye avisa for retten og fekk medhald i at dei skulle ha 883 500 kroner i skadebot og få dekt sakskostnadene.
Dommen vart anka, men berre få veker før ankesaka skulle opp, vart Midhordland slått konkurs. Det siste nummeret kom 1. november 1990. Sidan har Os og Fusaposten vore einaste lokalavisa i Os og Fusa. Avisa vart kåra til beste lokalavis av Landslaget for lokalaviser i 1991 og 2004.
Os og Fusaposten kjem no ut kvar onsdag og laurdag. Christian Fr. Stabell er redaktør, og avisa hadde i 2013 eit opplag på 5204 eksemplar. Avisa har ei nettside, men ikkje ei nettutgåve med journalistisk innhald.
Kjelder
Idar Flo: Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Arbeidsrapport. Volda 2002
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]
Peikarar

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 25.03.2014