Avisa kom ut med sitt første nummer 31. oktober 1985 på Valderøy, som er ei av øyane i Giske kommune rett utanfor Ålesund. Kommunen omfattar også flyplassen på øya Vigra. I 1987 fekk desse øysamfunna undersjøisk samband med Ålesund. Grunnleggjaren av avisa, Odd Egil Valderhaug, var kleshandlar med interesse for samfunn og lokalhistorie. «Det er berre han Odd som er så dum at han kan byrje med noko slikt,» blei det sagt om han. Men han stod på for avisa i ti år som redaktør før han gav seg.
Den nye avisa fekk først namnet Øy-Nytt, med undertittel «Lokalavis for Giske kommune», saman med ei teikning av ei «øy» med to fuglar og ei fiskeskøyte. Etter to månader blei namnet endra til Øy-Blikk. I opningsartikkelen heitte det mellom anna at «de handlende i lengre tid har ytret ønske om et lokalt alternativ for annonsering av varer og tjenester», og utgjevarane vona også å dekkje eit behov for informasjon som ikkje blei stetta av den store regionavisa Sunnmørsposten inne i byen.
Utanom dei vanlege lokalnyheitene og bidrag frå lesarane har avisa også gjeve rom for artiklar om historiske forhold på øyane, mellom anna med ein serie av «Bilder med historisk sus». Arbeidet med det nye fastlandssambandet, som blei ferdig hausten 1987, var også godt stoff.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.