Faktaboks

ØyBlikk

Øy-Blikk

Offisielt namn
ØY-BLIKK AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Eigd av
Tvisyn AS
Forretningsadresse
Valderøya
Stifta
1985
Dagleg leiar
Robin Røkke
Styreleiar
Robin Røkke
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Gammelt Avishode ØyBlikk (avis)
Gammelt Avishode ØyBlikk (avis)
Norsk presses historie.
Odd Egil Valderhaug, grunnleggjar av Øy-Blikk.
Odd Egil Valderhaug, grunnleggjar av Øy-Blikk og primus motor i avisa gjennom fleire år, då han fungerte som både journalist, annonsekonsulent, abonnentver var og redaktør. Det første halvtanna året dreiv han avisa «frå eit bakrom på klesbutikken på Valderøya. Lange underbukser og avistrykking vegg i vegg», heiter det i jubileumsutgåva av avisa i 2005. Der heiter det også at han skreiv bokmål i starten, men dette var ikkje så populært, så han måtte lære seg til å skrive på nynorsk, og oppnådde å bli tildelt målprisen av det lokale mållaget. Han trekte seg som redaktør i 1995 og selde seg samtidig heilt ut av avisa.
Odd Egil Valderhaug, grunnleggjar av Øy-Blikk.
Norsk presses historie.

ØyBlikk er ei lokalavis for Giske kommune som kjem ut på papir ein gong i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. ØyBlikk har kontor på Valderøya. Mediekonsernet Tvisyn AS er frå 2019 eigar.

Avisa vart grunnlagt i 1985 som eit privat føretak av Odd Egil Valderhaug.

Historie

Avisa kom ut med sitt første nummer 31. oktober 1985 på Valderøy, som er ei av øyane i Giske kommune rett utanfor Ålesund. Kommunen omfattar også flyplassen på øya Vigra. I 1987 fekk desse øysamfunna undersjøisk samband med Ålesund. Grunnleggjaren av avisa, Odd Egil Valderhaug, var kleshandlar med interesse for samfunn og lokalhistorie. «Det er berre han Odd som er så dum at han kan byrje med noko slikt,» blei det sagt om han. Men han stod på for avisa i ti år som redaktør før han gav seg.

Den nye avisa fekk først namnet Øy-Nytt, med undertittel «Lokalavis for Giske kommune», saman med ei teikning av ei «øy» med to fuglar og ei fiskeskøyte. Etter to månader blei namnet endra til Øy-Blikk. I opningsartikkelen heitte det mellom anna at «de handlende i lengre tid har ytret ønske om et lokalt alternativ for annonsering av varer og tjenester», og utgjevarane vona også å dekkje eit behov for informasjon som ikkje blei stetta av den store regionavisa Sunnmørsposten inne i byen.

Utanom dei vanlege lokalnyheitene og bidrag frå lesarane har avisa også gjeve rom for artiklar om historiske forhold på øyane, mellom anna med ein serie av «Bilder med historisk sus». Arbeidet med det nye fastlandssambandet, som blei ferdig hausten 1987, var også godt stoff.

Redaktøren tilsett på heiltid

Avisa har heile tida kome ut ein dag i veka. I starten fekk avisa god mottaking, både hos lesarane og annonsørane, og kom raskt opp i ein hushaldningsdekning på godt over 50 prosent. Etter ca. eitt år blei avisa gjort om til eit lokalt aksjeselskap, der både næringsliv, privatpersonar, bank og kommune blei inviterte til å bli medeigarar. Redaktøren blei frå no av tilsett på heiltid.

Det tekniske utstyret var nokså primitivt i starten. Stoffet blei skrive inn med skrivemaskin, annonsane teikna for hand, og så blei det heile sendt til Sunnmørstrykk på fastlandet. Der blei det skrive inn på nytt og brekt om. Men etter kort tid investerte dei dåverande eigarane i moderne datautstyr, med mellom anna ombrekking på skjerm, som den sjuande avisa i landet.

Mediekonsernet Tvisyn AS, som eig sju lokalaviser i fleire fylke, kjøpte i 2019 hundre prosent av aksjane i avisa. Namnet på lokalavisa vart i 2023 endra til ØyBlikk (utan bindestrek).

Opplag

Opplagstall for Øy-Blikk, 1986-2023

1986 1600
1988 1707
1990 1928
1991 1869
1992 1935
1993 1890
1994 1782
1995 1709
1996 1552
1997 1597
1998 1727
1999 1717
2000 1608
2001 1634
2002 1817
2003 1793
2004 1760
2005 1801
2006 1805
2007 1864
2008 1699
2009 1839
2010 1838
2011 1746
2012 1674
2013 1434
2014 1548
2015 1436
2016 1297
2017 1376
2018 1385
2019 1348
2020 1306
2021 1195
2022 1131
2023 1299
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
2008 1699
2010 1838
2013 1434
2016 1297
2018 1385
2020 1306
2021 1195
2022 1131
2023 1299

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk hos Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Fyrste nr. 31.10.1985.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

ØyBlikk
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg