Hopp til innhold
X
Innhald

Romsdals Budstikke

Romsdals Budstikke var den første eigentlege avisa i Molde. Nær 175 år etterpå er ho den einaste. Romsdals Budstikke var lenge Venstre-avis, men er for lengst blitt uavhengig.

Ser vi bort frå det handskrivne Molde Søndagsblad i byrjinga av 1830-åra, var Romsdals Budstikke den første avisa i Molde. I 1837 talde befolkninga 773 sjeler, og seks år seinare kom det første nummeret av avisa.

 

Avisa blei til då ein dansk boktrykkjar og skodespelar, J.C. Lund, besøkte byen som medlem av Selmers omreisande skodespelartrupp, og hoppa av for å ta opp att det gamle yrket sitt. Han fekk hjelp av nokre av dei leiande mennene i byen til å starte det første trykkjeriet i Molde, og med det avis.

 

Skulemannen Johan Olivarius Horn blei tilsett som redaktør. Avisa profilerte seg særleg gjennom si sterke interesse for å oppmuntre til utvikling av næringslivet i byen og det nærmaste distriktet, både bynæringane, landbruket og samferdselen.

 

Horn forlét avisa i 1846, og utgivar Lund overtok utan å tilsetje nokon ny redaktør. Det var mest innsendarar som sette farge på avisa, mellom dei den unge Bjørnstjerne Bjørnson – då busett i nabokommunen Nesset. I revolusjonsåret 1848 skreiv han artikkelen «Frihedens Tale til Moldenserne».

 

I 1859 selde Lund trykkjeriet til boktrykkjar Lars Christian Hauw, som gav ut avisa heilt til han døydde i 1874. Enkja Anne Hauw overtok som utgivar. Avisa var då nede i ein bølgjedal, med minkande opplag. Men i 1877 sparka ho redaktøren og tilsette i staden ein ung venstremann, adjunkt Johan Andreas Schneider. Han fekk økonomien på fote, og opplaget steig. Frå 1882 og utover høyrde avisa til dei avisene som støtta venstresida og Johan Sverdrup. Nitti år seinare, etter partisplittinga i 1972, erklærte avisa seg som «uavhengig borgerlig avis med vekt på liberale tradisjoner».

 

På 1900-talet hadde Romsdals Budstikke stort sett jamn framgang, og i 1919 blei avisa dagsavis. Under den tyske okkupasjonen blei avishuset først bomba, slik at avisa ei tid måtte trykkjast i Ålesund. Men i 1942 blei Romsdals Budstikke utpeikt til å vere den einaste avisa i byen, og opplaget auka sterkt. I avisoppgjeret etter krigen var avisa mellom dei som blei foreslått bøtelagd, men saka blei lagd bort.

 

I 1986 kjøpte Dagbladet seg inn i avisa og fekk aksjemajoriteten. Eit par år seinare kjøpte Romsdals Budstikke A/S opp lokalavisene Åndalsnes Avis og Driva. Men i 1991 gav Dagbladet opp ekspansjonsplanane sine og selde Romsdals Budstikke A/S, med dei tre avisene sine, til Orkla Media. I dag er Romsdals Budstikke eigd av det Trondheims-baserte konsernet Polaris Media.


Peikarar

Nettstaden til Romsdals Budstikke

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 16.11.2017