Forside av Rygja Tidend

Forside av Rygja Tidend fra 1918, som var avisens siste utgivelsesår.

Forside av Rygja Tidend
Nasjonalbilioteket .

Rygja Tidend var ei av dei første nynorskavisene i Rogaland, skipa av Bondeungdomslaget i 1908. Avisa gjekk inn i 1918.

Rygja Tidend kom med eit prøvenummer i Stavanger 18. desember 1908, og det første ordinære nummeret kom 8. januar 1909, med læraren og diktaren Einride Tveito som første redaktør. Utgivar var Bondeungdomslaget i Stavanger. Avisa var hovudsakleg eit organ for målrørsla.

Avisa kom først ut éin gong i veka, utvida i 1915 til tre gonger i veka, men sleit med vanskeleg økonomi, og mange redaktørar kom og gjekk. I 1915 vart avisa overteken av lutlaget Rygja Tidend, og frå 1916 var Rogaland ungdomslag utgivar.

Det siste nummeret ble utgitt i 1918.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almenningen, O. ofl. (1981): Norsk målreising i 75 år. Oslo: Fonna Forlag
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo
  • Norsk Bladmannalag gjennom 10 aar – 1913–1923. J.D. Beyer A/S Prenteverk, Bergen (Bjørgvin) 1923

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg