Hopp til innhold
X
Innhald

Samningen

Samningen, lokalavis for Samnanger i Hordaland, ei av dei minste lokalavisene i landet

Det første nummeret av Samningen kom 6. desember 1976. Drivkrafta bak avisa var Svein Oldervoll, då 23 år gamal. Han var ikkje nøgd med at Samnanger var den einaste kommunen i området som ikkje hadde si eiga lokalavis. Avisa vart starta på dugnad. Første tida redigerte Oldervoll avisa heime hos seg sjølv, sidan hos onkelen, som han overtok garden etter. Han tok då etternamnet til onkelen, Aadland, og kombinerte redaktørvervet med gardsarbeid. Han sat som redaktør fram til 1991, og overtok igjen i 2004.
Avisa kjem ut kvar torsdag, og den redaksjonelle målforma er nynorsk.  Opplaget for 2013 var 1419 eksemplar.
I 1996 fekk Aadland Samnanger kommune sin kulturpris for arbeidet som bladstyrar og forfattar. Svein O. Aadland gjekk av som redaktør i februar 2014. Ingeborg Kristvik tok over som bladstyrar og redaktør.
Samningen har ei nettside, men med lite journalistisk innhald.
Kjelder
Svennik Høyer: «Samningen», Norsk presse historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]
E-post frå Ingeborg Kristvik
 
Peikarar


Sist oppdatert: 22.08.2014