Hopp til innhold
X
Innhald

Senjens Blad

Senjens Blad på Finnsnes skifta namn og politisk farge fleire gonger, men det hjelpte ikkje. Avisa hadde gode år like før og etter krigen, men frå 1960-åra gjekk det nedover.

Senjens Blad blei etablert på Finnsnes som ei upolitisk lokalavis sommaren 1907. Bladet var ei vidareføring av Dagen, som var starta i januar same året. Frå byrjinga og fram til 1935 var avisa styrt av K.O. Kjørsvik. Avisa gjekk frå å vere upolitisk til å bli nasjonal og frisinna, seinare støtta ho opp om arbeidarrørsla. I to periodar, 1921–23 og 1925–26, var ho partiavis for Troms fylkes socialdemokratiske arbeiderparti.

I 1929 søkte ein på nytt å utvide grunnlaget for avisdrifta, igjen markert med namneskifte. Med Midtfylkets Avis (1929–32) ville Kjørsvik skape ei regionavis, men markerte etter kvart også ei politisk og næringsmessig dreiing mot borgarleg side og landbruket. I 1930 kom undertittelen «Organ for bondebevegelsen i Troms fylke», og to år seinare ønskte bladet å bli bøndenes blad i landsdelen, markert i avisnamnet Nord-Norges Bondeblad. I 1934 kom John Olsen inn som medeigar av avisa og trykkjeriet, og som medredaktør, og året etter var Kjørsvik sin epoke i avisa slutt. I 1935 tok Senjens Blad igjen tilbake det gamle namnet sitt.

Perioden frå 1935 til 1965 var prega av at avisa gradvis bygde seg opp redaksjonelt og styrkte posisjonen sin i regionen. I 1935 overtok Edvard Eidissen som redaktør, ei stilling han hadde til 1957. I ungdomen var han forkjempar for folkehøgskulen, og Eidissen markerte seg òg som talsmann for nynorsk.

I 1957 var opplaget på 2550. I 1964 tok Halfdan Kvernmo over som redaktør. På same tid ønskte bladeigaren, John Olsen, å selje avisa. Med støtte frå redaktør Kvernmo og redaksjonen ønskte lokale næringsaktørar å føre avisa vidare som upolitisk regionavis, men forhandlingar førte ikkje fram. Resultatet blei at Venstre sommaren 1965 gjennom eit nyskipa A/S tok over som bladeigar, med Oddbjørn Lindsetmo som redaktør. Same året blei Troms Folkeblad etablert på Finnsnes, med Kvernmo som redaktør, og med han følgde store delar av redaksjonen og nokre av typografane.

Dei siste fem åra til Senjens Blad var prega av hyppige redaktørskifte, dårleg økonomi og stadig tynnare blad. Hausten 1969 gjekk avisa over til offset og tabloid, men den teknologiske omlegginga var ikkje nok. Eit siste forsøk på å berge avisa blei gjort august 1970, då avisa og trykkjeriet flytta til nabokommunen Sørreisa. Det hjelpte lite at avisa også endra namn til Hålogaland Bygdeblad. Det siste nummeret kom nyttårsaftan same året.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017