Hopp til innhold
X
Innhald

Setesdølen

Setesdølen, partipolitisk uavhengig bygdeblad for Setesdal, skipa i 1975.

Den første utgåva av Setesdølen kom 23. januar 1975. Avisa vart etablert på bakgrunn av eit privat initiativ frå Helge Lien frå Kristiansand. Etter nokre års drift vart det interkommunale aksjeselskapet AS Setesdølen etablert, med dei fire kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes som eigarar av avisa. Etter at reglane for pressestøtte vart endra i 1998, har kommunane selt seg ut litt etter litt. I 2012 var Sigurd Haugsgjerd og Anne Bygland eigarar av avisa.
Den første redaktøren var Helge Arild Bolstad. Sigurd Haugsgjerd tok over stillinga frå 1. mars 1976 og var framleis redaktør for avisa i 2012. Då Haugsgjerd i 1979 hadde permisjon for å arbeide i Dagsnytt NRK, vikarierte Paal Vollen, Bjørn Lothe og seinare Gunnar Stubseid som redaktørar i nokre månader.
Setesdølen er talerøyr for distriktsinteresser, med vekt på sameksistens mellom by og land. Bygdeturisme, bygdeutvikling og busetnad i distrikta er såleis viktige saker for avisa, i tillegg til å følgje opp det lokale næringslivet.
Opplagstalet til Setesdølen har hovudsakleg auka sidan avisa starta – sjølv om innbyggjartalet i Setesdal har minka sidan midten av 1980-åra. Forklaringa ligg i ei ueinsarta lesargruppe, med ei blanding av fastbuande og hytteeigarar i nærområdet, og dessutan utflytta setesdølar. Opplagstalet i 1979 var ca. 3100, i 2008 var det 4742, medan eit opplag på 4635 frå 2011 viser ein liten nedgang. Setesdølen sitt stabile opplag gjennom ei årrekkje har gjort at konkurrentar som Fædrelandsvennen ikkje har utfordra posisjonen til avisa.
Setesdølen har nynorsk som redaksjonsspråk, og avisa hadde i 2012 seks tilsette.
Kjelder
E-post frå Sigurd Haugsgjerd 8.6.2012
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Peikarar
Nettstaden til Setesdølen

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 05.06.2013