Hopp til innhold

Sogn Avis

Sogn Avis, avis som kjem ut på Leikanger i Sogn og Fjordane på nett og fem dagar i veka på papir. Sidan 2002 har avisa vore einerådande som papiravis og lokalavis i indre Sogn.

Sogn Avis vart skipa i 1993 og kom ut første gongen 7. januar. Avisa blei starta som eit resultat av at høgreorganet S/SA (Sogningen/Sogns Avis) og venstreavisa Sogn og Fjordane slo seg saman, som ei tydeleg markering av at det var slutt for partipressa i Sogn.
Sogn Avis har lokalkontor i Sogndal og Årdal. Redaktørar har vore Gerhard Haugland 1993–2000, Jan Inge Fardal 2000–01, 2003–04 og sidan 2005, Kai Aage Pedersen 2001–03 og Rune Timberlid 2004–05.
Papiravisa hadde i 2011 eit opplag på 9786. Ho blei fram til 2006 trykt i eige trykkeri i Leikanger, seinare i Førde. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.
 
Eigarform og økonomi
Sogn Avis er organisert gjennom eit aksjeselskap som i byrjinga var heileigd av familien Husabø på Leikanger. Samanslåinga i 1993 gav den nye avisa ein sterk posisjon på avismarknaden i Sogn. A-pressa, som eigde konkurrenten Sogn Dagblad, gjorde fleire forsøk på å kjøpe seg inn i avisa, men først i 1999 fekk konsernet hand om ein blokkerande eigarpost i Sogn Avis, gjennom Firda Media AS. Denne handelen var eit kompromiss der A-pressa samtidig la ned Avisa Sogndal og selde Årdal og Lærdal Avis til Sogn Avis.
Sogn Avis er 2012 eigd av Husabø Invest AS (73 %), Firda Media AS (10 %), Sture Tuxen Husabø (8 %) og Per Jarle Lunde (8 %).
 
Utbreiing og publisering
Trass i monopolstilling på den lokale avismarknaden i Sogn aust for Høyanger, har ikkje Sogn Avis klart å auke opplaget. Som så mange andre papiraviser har Sogn Avis fått merke den sterke tevlinga frå internett. Det beste året var 2003, med 11 325 i opplag. Seinare har det gått nedover.
Med A-pressa som medeigar, fekk Sogn Avis frå 2000 høve til å utvikle ei nettavis innanfor rammene til A-pressa si nettsatsing. I 2005 tok avisa eit skritt nærare å bli eit komplett mediehus. Sogn Avis overtok då nærradioen P-Vest i Sogndal.
 
Redaksjonell profil
Sogn Avis er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet indre Sogn. Avisa har heile tida vore partipolitisk uavhengig.
I 1999 inngjekk Sogn Avis eit annonsesamarbeid med avisene Firda og Firdaposten under namnet Sogn og Fjordane samkøyringa. I 2011 vart dette utvida ved at fire aviser i Hordaland kom med, og namnet vart endra til Media Vestlandet AS.
 
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010 
 
Eigarar Sogn Avis, medietilsynet.no,
Opplagstal norske aviser 2011, medienorge.uib.no, http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [Lesedato 4.5.2012]
«Sogn Avis», Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Sogn_Avis [Lesedato 6.5.2012]
Peikarar

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013