Avishode Sogn Dagblad
Norsk presses historie.
Per Dingsøyr, bladstyrar i Sogn Folkeblad.

Per Dingsøyr var fødd i Guddal i 1913, og var med på å skipe arbeidar og småbrukarlaget i bygda i 1933. Han gjekk Bladmannaskulen og var «høvesmedarbeidar» i fleire blad alt frå 16-årsalderen. Dingsøyr var innom Firda Folkeblad, men sidan 1934 knytt til Gula Tidend som fast tilsett. Han var bladstyrar i avisa Gjallarhorn frå årsskiftet 1937 til 1. april 1938. Den nye førdeavisa var fagleg og sosialt skjerpa, og blei Arbeidarpartiet sitt organ i Sunnfjord frå 1938. Det var såleis ikkje anna enn rimeleg at Per Dingsøyr etter eit opphald i avisa Ryfylket kom tilbake til heimlege trakter som ny bladstyrar for Sogn Folkeblad. Frå 1945 til 1978 styrte han avisa til å bli Arbeidarpartiet sitt flaggskip i fylket. Per Dingsøyr døydde i 1999.

Per Dingsøyr, bladstyrar i Sogn Folkeblad.
Norsk presses historie.

Opplagstall for Sogn Dagblad, 1986-1996

1986 5438
1988 5509
1990 5445
1991 5476
1992 5450
1993 5477
1994 5573
1995 5439
1996 4653
Kilde: medienorge.uib.no

Sogn Dagblad var ei norsk avis, etablert i Leikanger i Sogn og Fjordane (no Vestland) som Sogn Folkeblad i 1938. Avisa skifta namn til Sogn Dagblad i 1965 og kom ut med siste nummer i 1997.

Sogn Dagblad kom ut i industribygdene Høyanger og Årdal som partiavis for Arbeidarpartiet, og var gjennom fleire tiår den einaste dagsavisa i fylket.

Historie

Det nye Sogn Dagblad gjekk ved namneskiftet i 1965 frå fire til seks utgivingar i veka og vart dermed den første og einaste dagsavisa i Sogn og Fjordane i nesten 30 år.

Sogn Dagblad var då den eine av to arbeidarpartiaviser i fylket etter andre verdskrigen, den andre var Firdaposten i Florø. Firdaposten kom i 1948 og tok seg av partiet sine interesser i Fjordane. Sogn Dagblad på si side vende merksemda si mot dei folkerike bygdene i Indre Sogn, med særleg fokus på det gryande industrisamfunnet i Årdal.

Kamp om lesarane

Utanom nedslagsfeltet i Høyanger og Årdal kjempa avisa med andre borgarlege partiaviser om lesarane i kommunane rundt. I byrjinga av 1980-åra prøvde Sogn Dagblad å etablere seg på marknaden i Sogndal, men greidde ikkje å konkurrere om lesarane med dei allereie godt etablerte avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane. Sogn Dagblad kom under størst press frå 1993, då desse to avisene slo seg saman.

Den erfarne bladmannen og målmannen Per Dingsøyr var redaktør i avisa i 33 år, mellom 1945 og 1978, og på folkemunne vart avisa på denne tida berre kalla «Dingsen». Etterfølgjaren var Norvald Stedje, som hadde vore journalist i avisa sidan 1948. Han sat som redaktør fram til 1994. Seinare redaktørar var Johs. B. Thue, mellom 1994 og 1996, og Ole Johannes Øvretveit i ein kort periode frå 1996 til 1997.

Opplagssvikt

Sogn Dagblad hadde den sterkaste veksten i 1970- og 1980-åra, med opplag på mellom 5000 og 6000. Etter dette kjøpte A-pressa den største avisa i fylket, Firda i Førde. Konsernet blei frå 1996 sitjande med tre aviser i Sogn og Fjordane, noko som påverka Sogn Dagblad sine vilkår. Opplagssvikt og underskot gjorde at A-pressen la ned Sogn Dagblad, etter eit forsøk på samanslåing med Firda, noko som førte til store protestar frå lokalbefolkninga i Høyanger.

Opplag

År Opplag
1950 2500
1960 3582
1970 4272
1983 5563
1995 5439
1996 4653

Fakta

  • Sogn Folkeblad: fyrste nummer 9. desember 1938, førebels siste nummer 23. april 1940.
  • Fyrste nummer etter krigen 14. august 1945, siste nummer 30.november 1965.
  • Skifta namn til Sogn Dagblad: fyrste nummer 2. desember 1965, siste nummer 3. mai 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Crowo, John Eilev: «Avisdøden i Høyanger», Bergens Tidende Morgen 28. mai 1997.
  • Eggum, Terje (2009): På Trykk: Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag.
  • Flo, Idar (red.) (2010): Norsk presses historie 1660–2010: Bind 4 – Norske aviser fra A til Å, Oslo: Universitetsforlaget.
  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg: Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Universitetsbiblioteket i Oslo (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg