Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Folkeblad

Sogn Folkeblad, arbeidarpartiavis for Sogn som tok til å komme ut i 1938. Frå 1945 kom ho ut i arbeidarbastionen Høyanger, og etter tjue år her vart ho omgjort til dagsavis, den første nynorske dagsavisa etter 1945 og den første dagsavisa i Sogn og Fjordane. 

Sogn Folkeblad kom i byrjinga ut på Leikanger, med to utgåver i veka frå 9. desember 1938. Ho vart stoppa under krigen, men frå 17. august 1945 kom ho i gang att i industristaden og arbeidarbastionen Høyanger. Avisa fekk i 1955 avdelingskontor i Årdal. Ho auka frå to til tre avisdagar per veke i 1948, og frå tre til fire i 1962. Med overgang til dagsavis tre år seinare skifta ho namn til Sogn Dagblad.

Sogn Folkeblad hadde i 1952 eit opplag på 2700. Utover i etterkrigstida auka opplaget jamt og trutt, til det nådde 4709 det året avisa bytta namn. Redaktør i Leikanger-perioden (1938–40) var Oskar Andersen. Då avisa starta opp att i 1945 var det med Per Dingsøyr som redaktør, og han vart verande til 1978. Avisa hadde alltid nynorsk som målform. På Leikanger vart ho trykt hjå Ingvald Husabø prenteverk, i Høyanger hjå Høyanger Bokhandels trykkeri.

Eigarform og økonomi

Før andre verdskrigen stod Sogn og Fjordane Arbeidarparti som utgjevar av Sogn Folkeblad. Etter krigen vart avisa organisert som eit partslag.

Utbreiing og publisering

1930-talet var ei grotid for lokallaga til Arbeidarpartiet, og Sogn Folkeblad voks raskt. Sju veker etter starten hadde avisa 1100 tingarar. Ein av grunnane til at aviskontoret vart flytta til Høyanger i 1945, var at partiet meinte at avisa kunne nå eit større område herifrå. Sogn Folkeblad fekk ei sterk stilling i Ytre Sogn, men vann ikkje lesargrupper i Sunnfjord og Nordfjord. Derimot ekspanderte ho til den andre store industristaden i Sogn, Årdal, og vart verande den dominerande lokalavisa her.

Redaksjonell profil

Sogn Folkeblad var organ for Arbeidarpartiet og avisa si stordomstid fall saman med partiet sine beste år etter krigen. Samtidig var det ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i Sogn. Per Dingsøyr sette eit sterkt preg på avisa i si lange redaktørtid, og i Høyanger, der ein hadde kallenamn på alt og alle, gjekk avisa under tilnamnet «Dingsen».

Kjelder

Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009

Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra a til å. Oslo 2010

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

«Sogn Folkeblad», nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Sogn_Folkeblad [Lesedato 14.5.2012]

Først publisert: 13.10.2017
Sist oppdatert: 13.10.2017