Hopp til innhold

Sogningen og Sogningen/Sogns Avis

Avisa Sogningen hadde sitt opphav i Vik i Sogn i 1897, men flytta fleire gonger før avisa enda opp med Leikanger som utgivarstad 60 år seinare. Her fekk Hans Arnesen redaktøransvaret, og etter samanslåinga med Sogns Avis vart den nye avisa, Sogningen/Sogns Avis ei av dei største pressesuksessane i Sogn og Fjordane nokon gong.

Sogningen, som seinare gjekk opp i Sogningen/Sogns Avis og til slutt i Sogn Avis, vart skipa i Vik i 1897. Partiet Høgre hadde ei tid hatt eit ønske om å etablere ei konservativ avis i Vik, og det konstituerande møtet vart halde 4. mars. Den første utgåva kom alt ein månad seinare, 7. april 1897. Avisa vart verande i Vik i underkant av 30 år og gjekk over frå ei til to utgåver i veka i 1907.
I 1925 vart avisa seld, og dei nye eigarane flytta avisa frå Vik til Balestrand. Sogningen miste då tingarar, særleg i etterkrigsåra, og avisa vart flytta tilbake til opphavsbygda Vik i 1951. Vik stod på den tida utan avis, etter at Sogns Avis hadde flytta frå bygda i 1948. Avisa skulle verte verande i Vik berre i knappe seks år, men det var nok til å snu trenden og auke tingartalet. Den andre viktige endringa under Vik-opphaldet var at det byrja å kome artiklar på nynorsk i avisa.
I 1957 henta boktrykkjar Ingvald Husabø Sogningen til Leikanger for å ta opp konkurransen med Sogn og Fjordane, den største avisa i fylket. Det gjekk bra, og omlegginga til tredagarsavis hjelpte på opplagstala. Samtidig kom vedtaket om at avisa heretter skulle redigerast berre på nynorsk. Det tok likevel tid før dette vart gjennomført, og i praksis vart omlegginga fullført først ved redaktørskiftet i 1960. Frå 1959 vart avisa samkøyrd redaksjonelt med Sogns Avis, og denne prosessen vart fullført då dei to avisene vart slått saman til avisa Sogningen/Sogns Avis (S/SA) i 1972.
Sogningen/Sogns Avis vart ein suksess i Leikanger, og opplaget auka jamt fram til samanslåinga med konkurrenten Sogn og Fjordane til den nye avisa Sogn Avis i januar 1993.
Eigarform og økonomi
Sogningen vart skipa av Rasmus Thorsen på vegner av eit interessefellesskap. Ole S. Kvamme, ein lokal høgreførar i området, hadde sondert grunnlaget for å opprette ei konservativ avis i Sogn alt i 1895 og stod sentralt når det galdt å samle støtte til tiltaket. Selskapet som Thorsen oppretta, sprang ut frå høgrekrefter samla frå heile Vestlandet, frå Bergen til Sogn.
Ingeniør Richard Knoff kjøpte Sogningen med støtte frå lutlaget Sogningen A/L og flytta avisa til Balestrand i 1925. Balestrand har ikkje hatt eiga avis, korkje før eller sidan. Aviser var på den tida viktige kommunikasjonskanalar for dei politiske partia, og partiet Høgre, både lokalt og sentralt, engasjerte seg sterkt for partiorganet i den tida avisa heldt hus i Balestrand.
Etter at avisa hadde flytta til Vik att i 1951 og henta seg litt inn att etter nedgangen i Balestrand, tok Ingvald Husabø kontakt med styret i Bergen Høgre med ønske om å gi ut Sogningen. Han hadde prenta Venstre-avisa Sogn og Fjordane i Leikanger, men hadde brote med utgivarane og var no på jakt etter ein ny partnar. Han fekk først ordna ein leigeavtale om retten til å gi ut Sogningen i Leikanger i 1957. To år seinare gjorde han same avtalen med Bondepartiet om avisa deira, Sogns Avis, og flytta utgivarstaden til Leikanger frå Sogndal, der avisa ikkje hadde kome ut på fem år.
Med tilgang til både bønder og høgreveljarar sat Husabø godt til i annonsemarknaden. Bøndene sitt parti (Senterpartiet frå 1959) hadde stilt krav om at redaktøren måtte lytte til oppmodingar frå eit partioppnemnt råd i utgivinga av Sogns Avis. Frå august 1959 fekk Husabø likevel gi ut Sogns Avis i samkøyring med Sogningen. Frå 1962 tok redaktøren i Sogningen òg over ansvaret for Sogns Avis. Skilnadane mellom avisene var frå då av små. Sogningen var utgangspunktet for innhaldet i Sogns Avis, men Sogns Avis la noko meir vekt på kjernesakene for bøndene.
Då Husabø i 1972 fann ut at tida var komen til å ta steget heilt ut og slå avisene sine saman til Sogningen/Sogns Avis (S/SA), var det Sogningen sin redaktør som tok over. S/SA hadde undertittelen «Politisk uavhengig», men det var tydeleg at det var Sogningen sin meir høgrevridde profil som var grunnsynet i den nye avisa. I utsjånad vart S/SA snart for ei tabloidavis å rekne, og denne prosessen vart fullført med innføring av halvformatet i 1975.
Opplagstal
Det finst ikkje sikre tal frå Sogningen sine tidlege år, men kring 1920 nytta dei annonseplass i eiga avis til å utnemne seg til størst i amtet. Ved flyttinga til Balestrand låg opplagstalet mellom 1200 og 1400. Dette talet auka litt, til ca. 1500 i 1932. Sogningen streva i etterkrigstida. Sjølv om avisa hadde eit opplag på omkring 1250 så seint som i 1947, var tingartalet på veg ned, og ved flyttinga til Vik var dei nede i eit opplag på om lag 500.
Botnen var nådd før flyttinga til Vik, og etter flyttinga til Leikanger følgde opplagstalet ei stigande kurve. Frå eit opplag på ca. 800 i 1957 vart talet meir enn femdobla, til 4292, i 1970. Suksessen heldt fram gjennom 1970-åra, og i 1983 var opplaget nesten dobla igjen, til 8173. Veksten jamna seg ut i 1980-åra, og S/SA hadde sitt beste år i 1992, med eit opplag på 9580.
S/SA hadde gjennomslag også i kommunane rundt Leikanger, men hadde konkurranse av Sogn Dagblad, som hadde ein svært sterk posisjon i industrikommunane Årdal og Høyanger.
Redaksjonell profil
Sogningen vart skipa i ei tid då Noreg var i endring, og redaktør Rasmus Thorsen var ikkje redd for frå første dag å velje side i dei viktigaste kampsakene. «Ja!» til framhald av unionen og «Nei!» til allmenn røysterett. I Vik stod målsaka svakt, og mangelen på landsmål i Sogningen var eit poeng som ofte dukka opp i spaltene til nynorskavisa Sogns Tidende i Sogndal.
Då Halvdan Brekke opna for nynorsken i 1952, er det ein peikepinn om kor mykje det politiske og sosiale landskapet hadde endra seg i dette første halve hundreåret. I åra som følgde gjekk det likevel litt tilbake med nynorskbruken i avisa, inntil Edgar Henriksen tok over som redaktør i 1957. Han snudde utviklinga og gjekk over til å redigere berre på nynorsk i den korte tida han var redaktør. Desse redaktørane la slik sett viktige føringar for avisprofilen vidare.
Hans Arnesen tok over redaktørstolen i Sogningen i 1960, etter eit kort opphald i Sogns Avis. Han var framfor nokon redaktøren som sette sitt preg på Sogningen og seinare S/SA. Han tok tilbake redaktøransvaret for Sogns Avis i 1962, då avisene vart samkøyrde.
Arnesen heldt fram som redaktør då dei to avisene vart slått saman ti år seinare, og han sat i redaktørstolen til han døydde i 1987. Han var ein markant redaktør, med ein skarp penn, og han gjekk ikkje av vegen for konfliktar. Kritikarane meinte at han dreiv journalistikk på sladdernivå. Det gjorde at S/SA fleire gonger vart klaga inn for Pressens Faglige Utvalg. Til gjengjeld la Arnesens journalistikk grunnlaget for at S/SA tok att og gjekk forbi Sogn og Fjordane når det galdt opplag.
Kjelder
Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 2, 3 og 4. Oslo 2010
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
«Opplagstall norske aviser», med tal frå Mediebedriftenes Landsforening, Landslaget for lokalaviser og Sigurd Høst, medienorge.uib.no (2012): http://www.medienorge.uib.no/?cat=statistikk&medium=avis&queryID=190 [lesedato 11.3.2012]

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 24.07.2014