Hopp til innhold

Sogns Avis

Sogns Avis, bondeavis for Sogn som kom ut i Vik 1926–48, Sogndal 1948–54 og Leikanger 1959–72. I 1972 vart avisa slått saman med avisa Sogningen til den nye S/SA, som i 1993 gjekk inn i Sogn Avis.

Sogns Avis kom med si første utgåve 21. august 1926, og var eit resultat av at høgreavisa Sogningen året før hadde flytta til Balestrand, slik at Vik vart ei avislaus bygd. Avisa kom periodevis ein dag og andre tider to gonger i veka. Ho vart stogga under krigen i åra 1942–45. Etter at Sogns Tidend gjekk inn i 1947, vart avisa flytta til Sogndal, som då var ei avislaus bygd, men i 1954 vart ho stogga. I 1959 vart avisa starta opp att boktrykkjaren Ingvald Husabø på Leikanger, som dreiv den i samkøyring med den konservative avisa Sogningen. Etter 13 år vart dei to avisene slått saman.
Sogns Avis hadde i 1952 eit opplag på omkring 2000. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men gjekk i 1926 over til nynorsk. I 1930–48 og 1951–54 vart avisa trykt i eige trykkeri.
Eigarform og økonomi
Sogns Avis vart eigd av eit lutlag, som vart starta opp av eit lokale innskytarar i Vik. I 1927 overtok boktrykkar Ingvald Husabø på Leikanger som eigar. Han selde ho same året vidare til Norges Bondelag sitt fylkeslag, som stod som utgjevar fram til 1954. Årsaka til at ho då gjekk inn, var vanskeleg økonomi. Då avisa kom i gang att fem år seinare, var ho heileigd av Ingvald Husabø prenteverk på Leikanger, men Senterpartiet gav økonomisk tilskot.
Redaksjonell profil
Sogns Avis i starten ei uavhengig avis, men i 1927 gjekk ho over til å vere eit organ for Bondepartiet (seinare Senterpartiet). Avisa skifta ofte redaktørar: Thormod Liljedahl (1926–27), Ingvald Husabø (1927), Ivar Tveit (1927–31), Hermund Haukenes (1931–42 og 1945–48), Jørgen Bergo (1948–50), Ivar Rusti (1950 og -52), Lars Rødland (1950–52), Hans H. Schelderup (1952–54), Ingvald Husabø (1959), Hans Arnesen (1959–60 og 1962–72) og Knut A. Helland (1960–62).
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009. Førde 2009
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra a til å. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
 
«Sogns Avis», Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Sogns_Avis [Lesedato 14.5.2012]

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013