Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Tidende

Sogns Tidende var den første avisa i Sogn, starta i 1878 av den seinare statsministeren Otto Blehr, som også starta fylkets første avis, Fjordabladet, på Eid.

Overrettssakførar og venstremann Otto Blehr hadde ambisjonar i rikspolitikken, og med Sogns Tidende som meiningsdannar bygde han ein lokal basis for å komme vidare. Avisa kom i byrjinga ut ein gong i veka, frå 1889 to gonger. Fram til 1903 kom ho ut i Lærdal i Sogn og Fjordane, sidan i nabobygda Sogndal. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men ved flyttinga i 1903 gjekk ho over til nynorsk. I 1927 vart avisa døypt om til Sogns Tidend, i tråd med god nynorsk.
Sogns Tidend gjekk inn i 1942, på grunn av dei vanskelege tilhøva under andre verdskrigen. Ho vart starta opp att i 1945, men klara seg då ikkje i tevlinga med andre aviser, og vart endeleg nedlagt i 1947.
Opplaget til Sogns Tidende er ukjent, men det var truleg ei av dei største avisene i fylket først på 1900-talet.
Eigarform og økonomi
Sogns Tidende var frå byrjinga organisert i eit interessentselskap som også dreiv forlag og boktrykkeri. I 1903 kjøpte Jens Kvåle avisa saman med typografen Erik Natvig og flytta ho til Sogndal. Avisa vart i 1947 kjøpt opp av Ingvald Husabø Prenteverk på Leikanger, som selde rettane vidare til Ivar Tveit og Einar Svartefoss, redaktørane i avisa Sogn og Fjordane. Sogns Tidend fekk leve vidare som undertittel til denne avisa fram til 1986.
Utbreiing og publisering
Sogns Tidende hadde størst utbreiing i Indre Sogn. Innanfor denne regionen hadde avisa ingen reell konkurrent før i 1932, då avisa Sogn starta å komme ut på Leikanger.
 
Redaksjonell profil
Sogns Tidende var eit organ for Venstre. Otto Blehr overlèt i 1879 redaktørstillinga til Hans Martin Michelsen, og han vart i 1901 etterfølgt av Martin Vanberg. To år seinare overtok så den profilerte sogndølen Jens Kvåle. Han hadde tidlegare redigert fleire kortliva aviser, og vart no redaktør for Sogns Tidende gjennom ein mannsalder, fram til 1941. Kvåle var målmann og fråhaldsmann. Han var ei tid lærar ved Sogndal Folkehøgskule og stod sentralt i norskdomsmiljøet i Sogn. Han sat på Stortinget for Venstre i 1931–33. I 1941 overtok son til Jens Kvåle, Hermund Kvåle, som redaktør.
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009. Førde 2009
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra a til å. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010 
«Jens Kvåle», Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Jens_Kv%C3%A5le [Lesedato 9.5.2012]
«Sogns Tidende», Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Sogns_Tidend [Lesedato 9.5.2012]

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013