Avishode Spjegelen
Avishode Spjegelen
Norsk presses historie.

Spegjelen var ei landsmålsavis som kom ut i Trondheim 1911–1915, og som heldt fram til sommaren 1921 under namnet Olsok. Spegjelen var talerøyr for Venstre. Albert Joleik var den første redaktøren. Klaus Sletten var òg mellom dei meir kjente redaktørane.

Historie

Spegjelen, laurdag 20. februar 1915
Framsida av Spegjelen 20. februar 1915.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Spegjelen var skipa av Albert Joleik og kom med første nummeret i Trondheim 23. mars 1911. Avisa skulle vere eit «maalblad til allmennlesnad» og med nyhende frå inn- og utland, «for det meste slikt som dé ikkje finn i andre blad her i landet», skreiv redaktøren. Det skulle òg vere ein samlings- og øvingsstad for folk som skreiv landsmål. Den politiske orienteringa vart nærare markert i juli same året: «Blade skal vere vinstreblad og arbeide for vinstre sine sakjer».

Variert stoff

Stofftilfanget var variert. Avisa skulle vere ein spegel der lesarane skulle kunne sjå seg sjølve og interessene sine. Nyhendeartiklar og notisar frå nært og fjernt blir blanda med drøftingar og kommentarar, dikt og lesarbrev, skjemt og alvor, meldingar frå mållag og ungdomslag, og lysingar. I Joleiks redaktørtid speglar avisa òg hans eigne interesser: landbruk, målsak, militærvesen og utanrikspolitikk. Ved tematisk mangfald og perspektiv stod avisa etter kvart fram som eit alternativ til Den 17de Mai.

Joleik redigerte bladet ut 1913, då han reiste til Bergen for å ta til som journalist i Gula Tidend. Broren Marius tok over nokre månader, deretter sat Peter Benum på redaktørsetet ut 1915 og endra avisnamnet til Olsok frå 1. april same året.

Fleire redaktørar

Albert Joleik, som starta Spegjelen i 1911.

Albert Joleik (1880–1968) voks oppi Florø og Eikefjord. Etter realgymnas i Bergen studerte han filologi og naturvitskap ved Universitetet i Oslo. Til embetseksamen i 1902 svara han på nynorsk som den fyrstei landet. Parallelt tok han ei militærutdanning og verka i åra 1905–08 som offiser i Belgisk Kongo. Tilbake i Noreg arbeidde han ved to lærarhøgskular, før han i 1911 starta Spegjelen. Frå 1914 var han redaktør i Gula Tidend inntil han i 1923 etablerte Fjordaposten. Etter krigen fekk han statsstipend for å granske lokalhistorie i heimdistriktet. Som målmann hadde Joleik sterke røter i det norske bondesamfunnet, der han sjølv hadde opphavet sitt, men levde store delar av livet i bymiljø. På sine eldre dagar budde Jorleik med familien på fjellgardensin i Sunnfjords-bygda Naustdal.

Albert Joleik, som starta Spegjelen i 1911.
Norsk presses historie.

Olsok heldt det gåande til sommaren 1921. Redaktørane kom og gjekk: Eirik Sunnset, Klaus Sletten, Sturla Brørs og O. Nesheim, P. Jæger Leirvik og den siste tida Einar Døhl.

Det meste av tida kom Spegjelen og Olsok med to nummer i veka. Bladet sleit med økonomien. Spegjelen hadde på det beste vel 2000 tingarar, dei fleste i Trøndelag, somme på Vestlandet og nokre også i Nord-Noreg og Gudbrandsdalen. Lesarkrinsen var variert. Mellom tingarane finn vi lærarar, forfattarar, prestar, sakførarar og andre som var aktive i målpressa, ved sida av folk frå jordbruk, handel og handverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • [Anton Aure og Hans Aarnes:] Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn. Bjørgvin 1923
  • Anton Aure: Nynorsk boklista. Andre bandet. 1916–1920. Oslo 1921
  • Terje Dybvik: «Avisa som satte nynorsken i sentrum». Fosna-Folket 7.9.2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Per Håland: «Den nynorske pressa». I Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Norhild Joleik: Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid. Oslo 2005
  • Norhild Joleik: Identitet, nasjon, profesjon. Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv. Hovudoppgåve i medievitskap, Universitetet i Bergen 2004
  • NJ [ Norhild Joleik]: «Spegjelen», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
  • Olsok, 1915
  • Spegjelen, 1911–15

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg