Hopp til innhold
X
Innhald

Stille Stunder

Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut. Det kristelege oppbyggingsbladet vart skipa i 1889 – to år etter Norsk Barneblad.

Stille Stunder vart grunnlagt av Volda-presten Johannes Barstad, og han redigerte det i over førti år. Oppstarten var grunna særleg i omsynet til den landsmålsinteresserte ungdomen, som Barstad meinte tok skade på sjela ved å lese radikale skrifter på nynorsk.
I 1880-åra var det stor skepsis til målsaka i vide krinsar, men Stille Stunder braut ned motstanden hos mange kyrkje- og bedehusfolk. Barstad knytte til seg både teologar og leke kristenleiarar i bladarbeidet, og dermed lærte etter kvart også konservative truande at landsmålet ikkje trong vere «ugudeleg».
Frå 1908 til 1927 var Stille Stunder vekeblad. Både før og etter kom det lenge kvar fjortande dag. Tingartalet har veksla gjennom tidene og nådde ein topp på 4000 i 1920-åra. Oslo kristelege landsungdomslag var utgivar frå 1936, og i perioden 1957—2012 var det Kyrkjenemndi i Bergen som gav ut bladet. Frå 2012 er bladet drive av Foreininga Stille Stunder.
Sokneprest Ivar Molde på Voss har vore bladstyrar sidan 2004. Stille Stunder kjem no med seks nummer i året, og i 2009 hadde det ca. 1200 tingarar, men opplevde ein auke og hadde i januar 2014 omlag 2400 tingarar.
Kristning av landsmålet
Sjølv om det fanst både salmar, katekismestykke og bibeltekstar på landsmål, såg store delar av det norske kristenfolket med skepsis på målsaka i 1880-åra. I den stoda fann Johannes Barstad og medarbeidarane hans at «Maalet maatte faa kristeleg vigsling ved aa verta nytta i sjølve den kristelege vekking».
Målsetjinga bak Stille Stunder vart oppfylt ganske snart. Alt etter første halvåret melde Vestmannen/Fedraheimen: «Det var godt, at me fekk eit slikt maalblad, mange som før hev vanvyrdt sitt eiget maal hev fenget samhug for saki ved aa lesa 'Stille stunder' med sine 4 prestevigde styrarar.» Når prestar og aktive indremisjonsfolk i distrikts-Noreg tileigna seg landsmålet på den måten, vart ikkje målsaka lenger oppfatta som berre radikal og «ukristeleg».
Pietisme og religiøs poesi
Sjølv om bladstyraren og dei fleste som skreiv i Stille Stunder, var prestar, hadde tiltaket tydelege røter i vestlandsk «vekkings-jord». Det meste av innhaldet var prega av ei «indremisjonsk» eller pietistisk kristendomsform.
Oppmodingane til personleg omvending var mange og utfordra lesaren til alvorlege val. Typisk i så måte var ein lang artikkel gjennom dei første nummera, med tittelen «Korleis tenkjer du aa verta frelst?» Ei anna framhaldsforteljing i 1889/90 var Bernt Støylens biografi om haugianarkvinna Berte Canutte Aarflot. I tillegg til religiøse utgreiingar, lengre preiker og kortare andaktar refererte bladet frå ymse møte og større stemne for ytre og indre misjon.
Særleg viktig for utviklinga av eit nynorsk kyrkjespråk var den religiøse poesien som Stille Stunder formidla. I det fyrste tiåret stod to hundre salmar av knapt tjue forfattarar på prent. Dei fleste var av Barstad sjølv, med førtini nye og tolv omsette, av Anders Hovden, med femti nye, og av Elias Blix, med tjue nye og tre omsette. Godt over halvparten var førstegongspubliseringar.
Liksom Blix-salmane i stor grad opna kyrkjene for nynorsken, vart det vesle oppbyggingsbladet ein viktig døropnarar for folkespråket til bedehusa og vekkingskristendomen, ikkje minst på Vestlandet.
Utgivarar og redaktørar
Enkja etter grunnleggjaren, Elenore Barstad, dreiv bladet vidare nokre år etter at mannen var død. Ho gav det over til Oslo kristelege landsungdomslag, og i perioden frå 1936 til 1954 var først Olav Gautestad, så Alfred Hauge og frå 1941 Erling Ulltveit styrarar.
Etter eit kort mellomspel med mellom anna Prestemållaget som utgivar, vart Stille Stunder frå 1957 til 2012 utgitt av Kyrkjenemndi i Bergen (som vart oppretta i 1918 av Bondeungdomslaget, Ervingen og Vestmannalaget). I 1960- og 70-åra var prestane Bernhard Eide og Gudmund Skiftun redaktørar i lengre periodar. Seinare har bladet vore styrt av lektor Haakon Svarstad (1981–89), sokneprest Ådne Skiftun (1990–95) og forkynnar Alfred Hamre (1995–2004). Frå 2012 er det Foreininga Stille Stunder som gir ut bladet.
Stille Stunder på 2000-talet
Det kristelege målbladet har i 2009 vore aktivt i 120 år. Mykje av stoffet er historisk, med vekt på minne, biografiar og andre tekstar, særleg knytte til nynorsk som religiøst språk. I tillegg gir spaltene rom for reiseskildringar, kåseri, bokmeldingar, dikt, andakter og annonsar. Årleg vert det også prenta lange lister over frivillige pengegåver frå lesarane.
Kjelder
Eldre og nyare årgangar av Stille Stunder
P. Hallaråker: «Målbladet Stille Stunder», i J.O. Ulstein og P.M. Aadnanes (red.): Jeg gikk meg over sjø og land. Festskrift til Ottar Berge på 65-årsdagen. Trondheim 2001
J. Tvinnereim: «Då landsmålet vart kristna», Syn og Segn nr. 10/1973
Utfyllande opplysningar frå Ivar Molde, Voss

Først publisert: 11.05.2010
Sist oppdatert: 12.02.2014