Hopp til innhold
X
Innhald

Storfjordnytt

Storfjordnytt på Indre Sunnmøre er ei av dei små lokalavisene som kom til i 1970-åra, og som har overlevd på dugnadsånd og sterkt lokalt engasjement. Avisa var til å begynne med berre for Norddal kommune, og det var nok avgjerande at også Stordal blei ein del av dekningsområdet i 1989.

Jordbærbygda Valldal i den vesle sunnmørskommunen Norddal fekk si eiga avis seinhaustes 1979. I løpet av få veker hadde 130 lokale småaksjonærar teikna seg for 13 000 kroner i aksjekapital for tiltaket. I første utgåva av Norddal Bygdeblad skreiv bladstyrar Terje Linge at han håpa at avisa skulle bli den møteplassen som han følte heimeverande og utflytta norddalingar mangla. Linge ville at avisa skulle bli «ei støtte for bygdekulturen, for nynorsken og for Utkant-Noreg». Kommunen stilte med billige lokale for redaksjonen i rådhuskjellaren. Den dugnadsdrivne avisa kom ut kvar 14. dag og fekk 430 abonnentar første året.

Det blei etter nokre år vanskelegare å halde ved like dugnadsånda, og avisa sleit økonomisk. Hausten 1988 drøfta styret om avisa skulle prøve å ekspandere til nabokommunen Stordal. Langt under 1000 i nettoopplag og avis kvar 14. dag var for lite til å få pressestøtte. Men så blei krava for å få pressestøtte senka til 1000 i opplag og ei avis per veke. Dermed blei det før uoppnåelege mogleg. I 1988 vedtok avisa derfor å tilby abonnement til spottpris til lag og organisasjonar. I tillegg la ein planar om å ekspandere til nabokommunen Stordal, der Bygdebladet frå Sjøholt dominerte. Stordal formannskap løyvde 20 000 kroner til dekking av lønsutgifter for ein journalist i Stordal i seks månader. Stordalingane blei lova at tre–fire sider i kvart nummer skulle vere stoff henta frå Stordal. Dette skulle ikkje gå ut over dekninga av Norddal: «Du som bur i Norddal – eller er av dei snart 400 utflytta norddalingane som abonnerer – skal ikkje merke anna forskjell enn namneendring og at sidetalet no blir auka frå 8 til 12 sider.»

Talet på abonnentar auka frå 700 til over 1000 i løpet av 1989. Avisa skifta namn til Storfjordnytt og kom no ein gong i veka. I 1990 fekk Storfjordnytt pressestøtte for første gong.

Omlegginga til vekeavis kravde store ressursar og ny kapital. Hausten 1990 blei det gamle Norddal Bladlag L/L avvikla, og Storfjord Bladlag AS skipa, med fleire hundre lokale eigarar. Dessutan kjøpte også organisasjonar, verksemder og Norddal og Stordal kommune aksjar. Fram til 1997 tapte avisa mykje av aksjekapitalen, men sidan har driftsresultata vore betre.

Litteratur

Idar Flo: Konkurranse mellom lokalaviser på fire ulike marknader i Noreg: Midhordland, Os og Fusaposten, Bygdebladet, Storfjordnytt, Bømlo-Nytt, Bømlo i Tekst og Bilde, Fjordenes Tidende og Fjordabladet. Volda 2002

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017