Faktaboks

Strandbuen
Offisielt namn
STRANDBUEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Jørpeland
Stifta
1964
Dagleg leiar
Thomas Espevik
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Strandbuen logo
Strandbuen logo
Strandbuen.
Andor Fjelde

Andor Fjelde (f. 1928) tok initiativet til å starte ei lokalavis i Strand kommune, saman med Finn Rasmussen. I 1956 opna Fjelde butikk på Jørpeland, «Centrum Sport & Musikk», og var sidan med på å skipe Jørpeland Handelsforening. Andor Fjelde (biletet) var med i redaksjonsnemnda for avisa heilt til ho blei omdanna til A/S i 1975, då han etter kvart trekte seg ut av avisarbeidet. Han har også vore aktiv lokalpolitikar i kommunestyre,formannskap og skulestyre.

Andor Fjelde
Strandbuen.

Strandbuen er ei lokalavis som kjem ut på Jørpeland to gonger i veka. Avisa blei grunnlagd i 1964 og er eigd av Amedia etter at aviskonsernet kjøpte opp Nordsjø Media AS i 2018. Strandbuen dekkjer kommunane i ytre Ryfylke, Strand, Forsand og ein god del av Hjelmeland. Avisa nyttar både nynorsk og bokmål.

Digitalt

Strandbuen publiserer stoffet både på papir og nett, og har hatt nettavis sidan 2019. Same året vart ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar innført. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening er talet på lesarar på nett- og papirutgåva i gjennomsnitt totalt 11 630 (fjerde kvartal 2023).

Historie

Opplagstall for Strandbuen, 1986-2022

1986 2775
1988 2840
1990 2951
1991 2947
1992 2988
1993 3021
1994 3050
1995 3146
1996 3313
1997 3325
1998 3554
1999 3673
2000 3771
2001 3802
2002 3889
2003 3919
2004 4068
2005 4242
2006 4217
2007 4354
2008 4458
2009 4410
2010 5248
2011 5261
2012 5295
2013 5118
2014 5069
2015 5021
2016 4829
2017 4759
2018 4770
2019 4914
2020 5206
2021 5197
2022 5185
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Papiropplag

1987 2690
1990 2951
2008 4458
2018 4609
Kilde: Mediebedriftenes Landsforening / Norsk Presses Historie

Avisa blei grunnlagd i 1964 av Jørpeland Handelsforening, med Andor Fjelde og Finn Rasmussen som initiativtakarar. Dei næringsdrivande hadde behov for eit meir lokalt annonseorgan enn regionavisa Stavanger Aftenblad, der annonsane frå Strand lett drukna i alt det andre annonsestoffet. Kommunen har alltid hatt eit kort ferjesamband frå Tau til Stavanger, så ein viss handelslekkasje var det nok også eit ønske om å motverke.

Avisa var dei første åra gratisavis og kom ut berre fire–fem gonger i året. Ho blei laga av ei redaksjonsnemnd, og sidan sendt til trykking i Sauda Boktrykkeri. Annonsar og stoff om det lokale næringslivet fekk naturleg nok stor plass. Avisa fekk dei gunstige verknadene på det lokale næringslivet som grunnleggjarane hadde håpa. Næringsdrivande også utanfor kommunesenteret Jørpeland slutta seg til, og berre etter eitt år, i 1965, skifta handelsforeininga namn frå «Jørpeland Handelsforening» til «Strand Handelsforening».

I 1975 blei avisa gjort om til eit aksjeselskap. Alle partar fann det naturleg å gjere avisa til ei meir «normal» lokalavis, med ein tilsett redaktør og betalt abonnement. Samstundes fekk avisa ny bladbunad, noko mindre format, og blei sendt til trykking i Rogalands Avis i Stavanger. Den «nye» avisa kom først ut ti gonger i året, men allereie året etter kom ho ut kvar torsdag. Same året inviterte leiinga flest muleg til å kjøpe aksjar i avisa; til då var det mest handelsfolket i kommunen som dominerte på eigarsida.

I 2001 blei Strandbuen kjøpt opp av Jæren Avis AS som også eigde andre lokalaviser i den same regionen. Selskapet endra namn til Nordsjø Media AS og blei i 2018 kjøpt opp av Amedia. Strandbuen blir no trykt i Egersund, hos Dalane Tidende.

Opplag

År Opplag
2015 4986
2018 4609
2019 4914
2020 5206
2021 5197
2022 5185
2023 5079

Til og med 2018 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening for andre halvår.

Fakta

  • Første nr. i juli 1964.
  • Første nr. med betalingsabonnement i 1975.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Strandbuen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser; 18.110 Trykking av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg