Hopp til innhold
X
Innhald

Suldalsposten

Suldalsposten, lokalavis for Suldal kommune i Rogaland, med utspring i lagsavisa til eit lokalt ungdomslag.

Tettstaden Sand i Suldal fekk si første lokalavis i 1960-åra, Sandsposten, men denne avisa vart lagd ned i 1976. Då utvida Suldal Ungdomslag lagsavisa si til å vere bygdeavis. Same hausten tok kommunen initiativet til ei ny lokalavis, Suldalsposten, som overtok etter lagsavisa.

Det første nummeret kom 22. oktober 1976, med Sigmund Olsnes som redaktør. Avisa kom ut annakvar veke, med kommunen som utgivar og kulturstyret som redaksjonsnemnd. Opplaget var om lag 2000 eksemplar. Den nye avisa vart i byrjinga send ut gratis, før ho vart abonnementsavis. Frå og med første nummer i 1979 kom avisa ut éin gong i veka.

I 1985 vart Suldalsposten gjord om til eit AS, og frå då av kom avisa ut to gonger i veka. I 2016 gjekk avisa frå to til ei utgåve i veka, og satsa samstundes meir på det digitale. Avisa har ei nettutgåve.

Suldalsposten hadde i 2016 eit opplag på 2288 eksemplar. Ho vert òg lesen i nabokommunane Vindafjord, Sauda og Hjelmeland. Redaktør sidan 2016 er Esther Moe. Målforma har heile tida vore nynorsk.

Suldalsposten vart kåra til Årets lokalavis 2013 av Landslaget for lokalaviser.

Kjelder

Øystein Sande: «Suldalsposten», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, www.lla.no [lesedato 27.2.2014]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser»: http://www.medienorge.uib.no/statistikk/medium/avis/190 [lesedato 28.11.2017]

Nora Bogetvedt Jenssen: «Esther Moe blir ny redaktør», suldalsposten.no, sist oppdatert 18.4.2016: http://suldalsposten.no/esther-moe-blir-ny-redaktor/ [lesedato 28.11.2017]

Peikarar

Nettstaden til Suldalsposten

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 28.11.2017