Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnhordland

Sunnhordland, lokalavis på Stord, ei av dei eldste avisene i Hordaland og ei av dei få familieeigde avisene i landet.

Stord fekk si første lokalavis allereie i 1902. 1. mai det året kom det først eit prøvenummer av ei ny avis, Søndhordland. Denne avisa kjem framleis ut på Leirvik i Stord kommune, med namnet Sunnhordland.

Søndhordland vart grunnlagd av Jens Hystad, ein tidlegare skomakar som likte å skrive, sjølv om han var blind. Dette klarte han med god hjelp av kona si og andre gode medarbeidarar. Til å starte avis fekk han eit lån på 400 kroner. Hystad var Venstre-mann, kjempa for folkestyre, sosiale reformer og målsak, og lét dette setje sitt preg på avisa. I striden før folkerøystinga om EEC (EF) i 1972 gjekk avisa inn for medlemskap.

Cornelius Bergh Bugge, målmann og storinvestor, kjøpte i 1918 ein stor aksjepost i avisa. Ved årsskiftet 1918/19 skifta avisa namn til Sunnhordland, og landsmålet vart redaksjonell målform. Avisa har også i dag nynorsk som redaksjonelt språk.

I 1949 trekte Jens Hystad seg tilbake og lét borna overta. I dag er det 4. generasjon Hystad som eig avisa, som dermed er ei av dei få familieeigde avisene i landet. Sunnhordland kjem ut på tettstaden Leirvik fem gonger i veka. Avisa dekkjer heile Stord og har nokre tingarar også i nabokommunane. Redaktør er Magne Kydland, med Reidar J. Hystad som dagleg leiar. Avisa hadde i 2013 eit opplag på 6559 eksemplar.

Sunnhordland har ei nettavis med variert innhald.

Sunnhordland vart i 2017 kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.

Kjelder

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Jakob Gullvåg: «Sunnhordland», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4 Oslo 2010
Landslaget for lokalaviser, www.lla.no [lesedato 27.2.2014]

Peikarar


Sist oppdatert: 26.04.2017