Faktaboks

Sunnmøringen
Offisielt namn
MEDIEHUSET NYSS AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sykkylven
Stifta
18.01.1983
Logo
Logo
Av .
Siste utgåve 17.12.2020.
Siste utgåve 17.12.2020.
Av .
Erling Vassbotn

Erling Vassbotn grunnla Sunnmøringen i 1946. Han og sonen Vermund dreiv avisa heilt fram til 1993, då Helge Søvik overtok. Det var eit slit å gje ut ei lita lokalavis, særlig dei første etterkrigsåra då dei ofte måtte bruke meir tid på å reparere maskinar enn å skrive. Erling Vassbotn og resten av familien gav likevel ikkje opp.

Erling Vassbotn
Sunnmørsposten.

Sunnmøringen var lokalavis for Stranda kommune på Sunnmøre og ein mindre del av det som no er Fjord kommune. Avisa vart grunnlagt i 1946 og kom ut kvar onsdag og laurdag, heilt til desember 2020, då ho vart slått saman med lokalavisa Sykkylvsbladet i nabokommunen Sykkylven. Den nye avisa fekk namnet Nyss og kom ut med sitt fyrste nummer i 2021. Siste nummer av Sunnmøringen kom ut i desember 2020, og den siste redaktøren var Renate Henriksen-Sandvær. Avisa var eigd av Polaris Media ASA.

Historie

Avisa kom ut første gong 16. mai 1946. Utgjevar var Erling Vassbotn, som før andre verdskrigen hadde starta Stranda Prenteverk. Han var god til å skrive og redigerte avisa dei første åra. Namnet overtok avisa etter ei avis som kom ut i nabobygda Sykkylven midt på 1930-talet. Åra etter krigen var vanskelege på mange måtar, og avisa måtte stogge i periodar, mest av mangel på papir.

I 1950 kom ikkje avisa ut i det heile. I februar 1951 fekk avisa ein ny start, med Erling Vassbotn som utgjevar og Gerhard Kjølås som bladstyrar. Dei investerte då i ei stor snøggpresse og ei setjemaskin, og utvida formatet på avisa. Gerhard Kjølås er elles kjend som bygdebokforfattar og var tidlegare med på å grunnleggje avisa Fylket i 1927. Interessa for lokal historie prega også avisa medan han var redaktør. No gjekk avisa betre, med auke både i tingartal og fleire annonsar.

I 1953 overtok Erling Vassbotn igjen som redaktør. Som mange andre lokalaviser på den tida var også Sunnmøringen open for stoff frå den store verda, side om side med lokalstoffet. Erling Vassbotn sat som utgjevar og redaktør fram til 1980 då sonen Vermund overtok. I 1993 overtok Helge Søvik som redaktør og dagleg leiar. Han sat heilt fram til 2007, då Gyri Aure overtok.

I 1983 kjøpte Sunnmørsposten aksjemajoriteten i avisa, og i 2009 blei Polaris Media eigar av Sunnmørsposten. I 1987 blei lokalavisa Sunnylvingen i nabobygda Hellesylt (også i Stranda kommune) slått saman med Sunnmøringen. På den tida kom også bruk av datateknologi inn for fullt, og avisa fekk eit meir moderne preg.

Fleire kjende mediefolk frå Stranda begynte sin karriere i denne lokalavisa, som Harald Kjølås, Per Vassbotn, Asbjørn Gjærde og Are Kalvø.

I desember 2020 vart Sunnmøringen slått saman med lokalavisa Sykkylvsbladet i nabokommunen Sykkylven. Den nye avisa fekk namnet Nyss og kom ut med sitt fyrste nummer 6.1. 2021. Siste nummer av Sunnmøringen kom ut i 17. 12. 2020.

Fakta

  • Fyrste nr. 16.5.1946, fyrste redaktør Erling Vassbotn.
  • Førebels siste nr. 23.12.1949.
  • Starta opp att 9.2.1951.
  • Siste nummer kom ut 17.12.2020.

Opplag

Opplagstall for Sunnmøringen, 1992-2020

1992 2044
1993 2005
1994 2016
1995 2026
1996 2031
1997 2040
1998 2081
1999 2107
2000 2112
2001 2074
2002 2125
2003 2089
2004 2092
2005 2064
2006 1990
2007 1986
2008 1981
2009 1992
2010 1974
2011 2013
2012 1976
2013 1887
2014 1822
2015 1742
2016 1674
2017 1648
2018 1694
2019 1652
2020 1601
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  1. 2. halvdel 2019: 1652
  2. 2. halvdel 2020: 1601

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg