Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnmøringen

Sunnmøringen, lokalavis for Stranda kommune i Møre og Romsdal. Dette er ei av dei eldste lokalavisene i fylket.

Sunnmøringen kom ut første gongen i Stranda på Sunnmøre 16. mai i 1946. Utgivar var Erling Vassbotn, som før krigen hadde starta Stranda Prenteverk. Han var god til å skrive og vart òg den første bladstyraren. Namnet Sunnmøringen vart overteke etter ei avis som kom ut i nabobygda Sykkylven i 1930-åra.
Åra etter krigen var på mange måtar vanskelege, og avisa måtte stoppe ein heil periode på grunn av mangel på papir. I 1950 kom ikkje avisa ut i det heile, men i februar 1951 fekk ho ein ny start, då Gerhard Kjølås kom inn som redaktør, og dei investerte i ny snøggpresse og setjemaskin. Kjølås, som òg var bygdebokforfattar, skreiv lokalhistorisk stoff for avisa.
No gjekk det betre, både med annonsar og tingartal. Vassbotn overtok redaktørkrakken igjen i 1953 og var både redaktør og utgivar heilt fram til 1980, då sonen Vermund Vassbotn overtok.
I 1983 kjøpte regionavisa Sunnmørsposten aksjemajoriteten i Sunnmøringen, og i dag er avisa ein del av Polaris Media AS. I 1987 vart lokalavisa Sunnylvingen i nabobygda Hellesylt slått saman med Sunnmøringen.
Fleire kjende mediefolk frå Stranda begynte karrieren sin i Sunnmøringen: Per Vassbotn, Harald Kjølaas, Asbjørn Gjærde og Are Kalvø.
Redaktør og dagleg leiar er Bjørn Arild Hatlem. Opplaget i 2013 var 1887 eksemplar. Avisa kjem ut to gonger i veka og har ei enkel nettutgåve.
Kjelder
Øystein Sande: «Sunnmøringen», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar


Sist oppdatert: 25.03.2014