Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnmørsposten

Sunnmørsposten – og byen Ålesund – var i mange år styrt av familien Flem. Dei var ihuga venstrefolk, medan avisa blei ein samlande og dominerande forkjempar for store og små hjartesaker på Sunnmøre.

Utan Sunnmøre, ingen Sunnmørsposten – utan Sunnmørsposten, eit anna Sunnmøre. Høgdepunktet for denne symbiosen blei nådd under brørne Dagfinn og Magne Flem si leiing av avisa etter andre verdskrigen. Dei var søner av den eigentlege grunnleggjaren av avisa, Ivar Flem. Begge sat i dei styrande organa i Ålesund, Dagfinn var ordførar i åtte formande år. Dei stod sentralt i kulturlivet i byen og var sjølve habile musikarar. Magne var typograf og fotograf, og Dagfinn var journalist.

 

Sunnmørsposten var Venstre-avis av fødsel og blei verande trufast mot partiet til 1977, då avisa erklærte seg partipolitisk nøytral. Ålesund var Høgre-by til 1894, med to konservative aviser då venstremannen Olaf Sandvig og boktrykkjar Hans Tybring von Zernichow grunnla Søndmørsposten i 1882. Avisa var eit dugnadsprosjekt med få lesarar og endå færre abonnentar. Først med Ivar Flem, i 1894, kom det djervskap og dynamikk inn i den journalistiske og økonomiske utviklinga. I 1904 brann alle avishusa i byen, men Flem hadde bestilt ei ny aksidenspresse, som blei skåna og kunne setjast i drift før nokon av dei andre. Dermed fekk Sunnmørsposten eit forsprang avisa aldri gav frå seg.

 

Under andre verdskrigen blei Ivar Flem avsett av nazistyresmaktene, men avisa heldt fram med å kome ut. Det var heller inga ulempe då tidene igjen blei normale, sjølv om avisa måtte betale erstatning.

 

Ivar Flem var ein ihuga venstremann, radikal, men også fleksibel. Han kjempa for det reine norske flagget, støtta kravet om åttetimarsdag, stod i spissen for 1. mai-demonstrasjonar og var republikanar. Men i 1905 sa han ja til monarki. Lesarar og annonsørar begynte å få innverknad på dei politiske standpunkta. Den nye arbeidsdagen etter 1905 blei ei framgangstid, med sildefiske, selfangst og bureising, og avisa engasjerte seg i alt som kunne vere positivt for by og land.

 

Det blei ikkje bygd ein vegstump utan at Sunnmørsposten hadde han som si kampsak. Historiene om kor viktig Sunnmørsposten var for distriktet, er tallause. Avisa var, saman med dei største bankane, den viktigaste institusjonen i distriktet og blei omtalt som Vigrabibelen.

 

Dynastiet Flem styrte Sunnmørsposten med fast hand i nær hundre år. Det blei ugreie med arvefølgja etter brørne Dagfinn og Magne, og i 1991 selde familien aksjane til Orkla. Frå 2006 var Sunnmørsposten eigd av det britiske medieselskapet Mecom, som i 2009 selde avisa til det norskeigde Polaris Media.

 

Sunnmørsposten dekkjer først og fremst Sunnmøre, men i dei seinare åra har også kommunane på nordsida av Nordfjord fått spalteplass. Avisa har introdusert det noko kunstige geografiske omgrepet «Nordvestlandet» – tilfeldigvis identisk med dekningsområdet til avisa.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017