Hopp til innhold

Svein Urædd

Svein Urædd, blad på landsmål som kom ut i Kristiania desember 1868–juni 1871, siste halvåret under namnet Andvake.

Lenke til filSvein Urædd kom med første nummeret 9. desember 1868. Bladet vart starta av studentane Oskar Norman Eng, Lars Holst og Steinar Schjøtt og av læraren Olav Flaaten, som kom saman kvar veke for å redigere det. Det var elles helst Flaaten og Schjøtt som styrte bladet, som var på fire sider og kom med eitt nummer veka.

Bladet prenta dikt, bokomtalar, stortingsnytt og nytt frå utlandet. Det hadde historiske artiklar, artiklar om målreisinga og lesarbrev frå ulike landsdelar. Det trykte ein serie om norske stadnamn og personnamn. Det skreiv om segner, og det publiserte fleire Blix-salmar. Fleire av vestmennene skreiv i bladet.

Frå januar 1871 kom bladet ut under namnet Andvake og med undertittelen «Trie Aargangen av 'Svein Urædd'». Steinar Schjøtt og Werner Werenskiold var no redaktørar.

Svein Urædd følgde i hovudsak Aasen-normalen. Andvake gjekk bort frå Aasen-norma og ville bruke former som låg nærmare uttalen. Men formene sprikte. I april 1871 skreiv Ivar Aasen eit lengre brev der han seier opp abonnementet på Andvake med ein bitande kritikk av språket og språksynet i bladet. Kladden er bevart, men det er uvisst om han sende brevet.

Både Svein Urædd og Andvake var tapsprosjekt. Steinar Schjøtt hevda at underskotet var 150 dalar første året, det same andre året og 80 dalar tredje året før Andvake gjekk inn 17. juni 1871.

Namnet «Svein Urædd» er henta frå folkeeventyra. Eventyret finst i fleire variantar. Ivar Aasen nedteikna og publiserte ein variant i Norsk Folkekalender i 1859.

Kjelder

Andvake, Kristiania 1871

Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923

Herleik Baklid: «'...for dei gav oss ein Arv til aa gjøyma'. Ivar Aasen og folkeminnene», Maal og Minne, 2, 1998

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Jostein Krokvik: Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn. Bergen 2002

Magne Myhren: «Kven skreiv 'Norske Nomn' i Svein Urædd 1869?», Nytt om namn nr. 20/1994

Svein Urædd, Kristiania desember 1868–desember 1870

S. [Steinar Schjøtt]: «Til ein og anna av Maalmennerne», Fedraheimen 4.9.1878

Vemund Skard: Frå Dølen til Fedraheimen. Oslo 1949

Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo 1996

Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal, bd. 2. Oslo 1958

Ivar Aasen: Skrifter i samling, bd. 1. Kristiania og Kjøbenhavn 1911

Peikarar

Oppseiingsbrev frå Ivar Aasen til redaksjonen i Andvake, april 1871, aasentunet.no

«Til ein og anna av Maalmennerne», Steinar Schjøtt om Svein Urædd, Andvake og Fram i Fedraheimen 4.9.1878 (nr. 56), aasentunet.no

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 13.02.2018