Hopp til innhold
X
Innhald

Sykkylvsbladet

Sykkylvsbladet, ei av dei eldste lokalavisene i Møre og Romsdal.

Sykkylvsbladet er lokalavis for Sykkylven på Sunnmøre og kom ut første gongen i 1946.
Allereie i 1930-åra vart det prøvd å gi ut ei lokalavis i Sykkylven, men ho gjekk inn etter eit par år. Etter krigen vart det prøvd med ei ny avis, Sykkylvingen, og denne gongen gjekk det betre. Den nye avisa kom ut kvar torsdag og hadde eit opplag på om lag 400 eksemplar. Eigarar var eit «partslag» med over hundre eigarar. Første nummeret kom 14. februar 1946 og var på fire sider. Denne avisa viste seg å vere levedyktig, trass i tøffe tider for avisbransjen.
Opplaget auka jamt og trutt, frå om lag 500 eksemplar i starten til om lag 1200 i 1960. Det tekniske utstyret vart gradvis fornya. I 1967 kjøpte avisa offset-maskin, som den første i fylket. To år etter gjekk ho over til tabloidformat og kom frå 1980 ut to gonger i veka. Opplaget heldt fram med å auke, og passerte 2000 eksemplar i 1983.
Hausten 1981 fekk Sykkylvsbladet ein lokal konkurrent, Bygdeposten. Denne avisa vart starta av eit par eldsjeler, Frank Kjøde og Åge Eikrem, som ønskte ein friskare og meir oppsøkjande journalistikk. Den nye avisa fekk raskt mange lesarar og eit opplag på 1800 eksemplar, og konkurransen var hard mellom dei to avisene.
Men mange tykte at to lokalaviser på ein såpass liten stad vart i meste laget. Allereie sommaren etter slo dei to avisene seg saman, med Sykkylvsbladet som namn. Den «nye» avisa fekk med seg både dei to eldsjelene bak Bygdeposten og ein del teknisk utstyr.
I 1997 kjøpte Vårt Land AS aksjefleirtalet i avisa, men ti år etter overtok Frank Kjøde og Åge Eikrem alle aksjane.
Sykkylvsbladet kjem ut tre gonger i veka på Aure, kommunesenteret i Sykkylven, og hadde i 2013 eit opplag på 2927 eksemplar. Redaktør er Frank Kjøde. Nynorsk er det redaksjonelle språket.
Sykkylvsbladet er ei av få aviser som ikkje har nettutgåve.
I 1994 vart Sykkylvsbladet kåra til Årets lokalavis for 1993 av Landslaget for lokalaviser (LLA).
Kjelder
Eldar Høidal: Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet. Sykkylvsbladet 1946–2006. Sykkylvsbladet og Lokalt Nytt, Sykkylven 2006
Øystein Sande: «Sykkylvsbladet», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]


Sist oppdatert: 25.03.2014