Symra; Decorah, Iowa, USA, 1911, 7. bind 1. hefte
Symra; Decorah, Iowa, USA, 1911, 7. bind 1. hefte
Av .

Symra var eit velrenommert litterært tidsskrift gitt ut på norsk i Decorah, Iowa, USA, med mål om å skape kontakt mellom norske og norskamerikanske åndsarbeidarar.

Kristian Prestgard og Johannes B. Wist var redaktørar i Decorah-Posten, ei av dei største norske avisene i USA rundt 1900, då dei starta Symra i 1905. Begge hadde bakgrunn frå folkehøgskule og nasjonsbygging i Noreg, og gjennom Symra ville dei drive folkeopplysning på høgt nivå. Dei som sleppte til i bladet, var skulerte nordmenn i Noreg og Amerika.

Innhaldet i Symra var variert, med skjønnlitteratur og historiske fagartiklar. Alt som kom på trykk var originalbidrag. Wist hadde ansvaret for å hente inn stoff frå nordmenn i USA. Mange av norskamerikanarane skreiv om pionertida på 1800-talet, andre dikta om meir allmenne tema. Nokre av bidragsytarane var etablerte romanforfattarar som Waldemar Ager og Ole Edvart Rølvaag.

Prestgard tok seg av dei norske skribentane. Før han kom til Amerika i 1893, hadde han vorte kjend med folk innanfor kulturliv og politikk. Ein av dei var professor Halvdan Koht, som stod sentralt i oppbygginga av det norske nettverket. Av dei som skreiv for Symra, var historikaren Ernst Sars og den seinare fredsprisvinnaren Christian Lange.

Dei første åra kom Symra ut éin gong i året, med undertittelen «En aarbog for norske paa begge sider af havet». Frå 1909 vart årboka kvartalsskrift, frå 1912 kom ho annankvar månad. Språket var dansk-norsk, men tidsskriftet hadde artiklar både om og på nynorsk. Den første sida i den første utgåva av Symra opna med Anders Hovden sine vers, «Helsing frå Noreg».

Symra gav òg ut bøker, mellom dei Norsk-amerikanernes festskrift (1914), redigert av Wist. Boka gir ei omfattande oversikt over norskamerikansk historieskriving og kulturbygging i det 19. hundreåret. Då Wist presenterte festskriftet i februar 1914, uttrykte han glede over ein sterk abonnementsauke det siste året, men seinare same året vart Symra lagt ned. Økonomien skranta, og Wist og Prestgard var slitne av å gjere nesten alt arbeidet på nattetid.

Symra-foreininga som vart stifta i 1907 for å støtte tidsskriftet økonomisk og for å høyre foredrag og diskutere tema i tidsskriftet si ånd, finst framleis (2017).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg