Hopp til innhold
X
Innhald

Synste Møre

Synste Møre i Vanylven tok til som stensilert blad med redaksjon og presse i ein kjellar. Avisa var i store vanskar kring 1990, men har no fått godt fotfeste.

Lengst sørvest på Sunnmøre hadde ein aldri hatt noko varig avisføretak. Ei samanslåing av tre små kommunar til Vanylven kommune gjorde tanken om ei lokalavis meir aktuell i slutten av 1960-åra.

 

Kommunesenteret blei lagt til den vesle bygda Fiskå. Per G. Osnes stelte seg til med redaksjon og offsetpresse i ein kjellar på farsgarden og gav ut ei stensilert blekke som dei kalla Bygdebladet for Synste Møre. Avisa kom ut ein gong i veka, med første nummer i 1970. Namnet blei snart korta ned til Synste Møre, etter ein namnekonkurranse der det kom inn over 200 forslag.

 

Det første nummeret var skrive for hand og på skrivemaskin, og blei sendt ut til alle innbyggjarane i kommunen. Heile familien Osnes var med i arbeidet med avisa, mellom anna ved å skrive adressene på dei ferdigtrykte blada for hand. Frå kring 1980 blei avisa trykt i Ulsteinvik, i trykkjeriet til lokalavisa Vikebladet.

 

Avisa inneheldt heilt frå starten mykje lokalstoff og annonsar frå lokale kjøpmenn. Dette var populært, og den nye avisa fekk raskt mange abonnentar. Etter tre år kom avisa opp i eit opplag på halvtanna tusen, av desse ein god del utflyttarar.

 

I 1987 bytte avisa namn til VestAvisa. Grunnen var at avisa hadde fått eit visst fotfeste på nordfjordsida av fylkesgrensa, i Selje, og då passa ikkje eit namn med «Møre» så godt. Men namneskiftet førte ikkje til den ekspansjonen dei hadde tenkt seg. Avisa heldt fram med å vere ei avis først og fremst for vanylvingane.

 

Men den gode oppslutninga hindra ikkje at avisa råka ut i store økonomiske vanskar, som i 1990 førte rett i konkursen. Men etter nokre rundar med gjeldssletting og refinansiering kom avisa ut igjen. Same året døydde grunnleggjaren, Per G. Osnes, men kona Liv B. Osnes heldt fram arbeidet med avisa og fekk ti år seinare tildelt kulturprisen frå Vanylven kommune for seg og lokalavisa.

 

I 2000 tok avisa tilbake det gamle namnet Synste Møre, med undertittelen «Ubunden lokalavis for Vanylven og dei nærmaste bygdene». Redaktør Vidar Parr grunngav namneskiftet slik: «Det er eit namn med klang og særdrag. Det står ikkje til å nekte at Vest-Avisa blir nokså fargelaust og blodfattig i samanlikning.»

 

Sidan har avisa halde fram med å kome ut ein gong i veka under dette namnet.

 

Peikarar

Nettstaden til Synste Møre

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 08.11.2017