Avishode Teledølen
Avishode Teledølen
Norsk presses historie.

Teledølen var Venstre-avisa på Notodden, grunnlagt 1905. Avisa blei stogga under andre verdskrigen og kom aldri skikkeleg i gang igjen etterpå, sjølv om ho heldt ut til 1973.

Historie

Framsida av Teledølen 13. april 1908.
Framsida av Teledølen 13. april 1908.
Teledølen/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Det første nummeret av Teledølen kom ut på Notodden 3. april 1905. Teledølen blei etablert, eigd og redigert av Ola Storeng. Avisa fekk god mottaking både på Notodden og i omlandet. Annonsemengda auka stadig, og det gjorde òg talet på abonnentar. I 1910 kom Teledølen ut fire gonger i veka, med eit opplag på 2500. Frå 21. november 1913 kom avisa ut dagleg.

Teledølen starta som eit upolitisk organ og eit talerøyr for økonomiske interesser i Aust-Telemark, men i 1911 blei avisa eit offisielt Venstre-organ. På Notodden, som hadde ei sterkt veksande befolkning av anleggs- og industriarbeidarar, gjekk lokalavisa inn for «en større forsonlighed og forstaaelse mellem klasserne». Interessefellesskapen mellom arbeidarar og arbeidsgivarar måtte styrkjast. Avisa skreiv: «Klassekamppolitikken har løpet linen ut, i sin golde negativitet virker den bare til at legge alt øde.»

I 1916 selde Ola Storeng Teledølen til Olav Eide. Eide hadde bakgrunn som redaksjonssekretær i Den 17de Mai, og han redigerte Teledølen i to år, før han selde avisa vidare til boktrykkjar Kr. Ormestad og forretningsføraren i avisa, Halvor Kise. Samtidig blei Karl Eide tilsett som ny redaktør. Karl Eide var redaktør for avisa i nesten 50 år, frå 1918 til 1966. I 1928 etablerte elles Ola Storeng den konservative konkurrenten Telen.

Under andre verdskrigen blei Teledølen underlagt streng kontroll frå okkupasjonsmakta. I 1941 blei avisa bøtelagd og ilagd utgivingsforbod i ein månad, mellom anna for å ha skrive ein kritisk artikkel om tyskarane som kjøpte hestar i Heddal. Seinare blei avisa tvinga til å ha ein NS-utnemnd politisk redaktør. Som eit ledd i styresmaktene si presserasjonalisering blei Teledølen slått saman med Telen i 1943. I praksis var dette jamgodt med ei nedlegging, ettersom den samanslåtte avisa skulle bere namnet til Telen og skulle produserast av personalet i Telen.

Etter krigen greidde aldri Teledølen som den lokale venstreavisa i Notodden å ta tilbake sin tidlegare posisjon i byen. Det var vanskeleg å halde på tidlegare abonnentar og annonsørar, og ved utgangen av 1973 vart avisa lagt ned.

Opplag

År Opplag
1932 3000
1960 2000
1972 967

Fakta

  • Teledølen: første nr. 3.4.1905.
  • 10.4.1943 kom siste nummer under krigen før Teledølen blei slått saman med Telen.
  • Første nr. av Teledølen etter andre verdskrigen 12.5.1945. Siste nr. 30.12.1973.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg