Hopp til innhold
X
Innhald

Telemarksavisa

Telemark Arbeiderblad er blitt til Telemarksavisa. Banda til Arbeidarpartiet, som før var svært tette, er for lengst løyste. Avisa konkurrerer hardt med Varden om å vere størst i Skien.

I 1908 blei Bratsberg Demokraten etablert som «organ for Bratsberg amts arbeiderparti» i Skien. Omkring 1920 var Arbeidarpartiet inne i sin mest radikale periode, og mange i Telemark var misnøgde med den moderate linja til Bratsberg Demokraten. Etter eit forsøk med ei fellesavis med Vestfold kom det første nummeret av Telemark Arbeiderblad (TA) ut i Larvik 1. oktober 1921. Alt 1. januar året etter blei avisa overført til Fremtiden i Drammen. Dårlege kommunikasjonar og skral økonomi førte til nedlegging i 1922. Arbeidarpartiet likte dårleg å stå utan avis i Telemark – og partiet på Notodden tok på seg ansvaret for utgivinga. Då partiet i 1923 blei splitta på nytt, braut kommunistane ut og overtok Bratsberg Demokraten, som etter mange vanskar gjekk inn for godt i 1929.

 

Økonomien var eit konstant problem for avisa på Notodden. Det var han òg for Telemark Social-Demokrat i Porsgrunn, grunnlagd i 1922 og overteken av Arbeidarpartiet i 1926. Då sosialdemokratane og Arbeidarpartiet året etter gjekk saman, var også dei to avisene slått saman, og Telemark Arbeiderblad etablerte seg i Skien. Partiet hadde no eit talerøyr som dekte heile fylket, og partiet sentralt støtta drifta. I løpet av kort tid fekk avisa eige trykkjeri i eigne lokale. Olav Vegheim blei tilsett som redaktør i april 1928 og sat til 1940.

 

Kort etter at tyskarane okkuperte landet i 1940, overtok NS lokala, og personalet blei spreidd for alle vindar, men etter kapitulasjonen var medarbeidarane raskt tilbake, og alt 11. mai 1945 var avisa i gang att. Ein hemsko var lenge at TA blei rekna for å vere eit «menighetsblad» – styrt av partiet og med mange og lange referat frå ulike partilag. Knut Kvigne var ein omstridd redaktør, entusiastisk til samnorsk, men skeptisk til Sosialistisk Folkeparti. Etter nokre sterke utsegner ei oppheta valnatt i 1961 måtte han gå. Haakon Lie «kalla» Alf Skaaum til jobben, og han sat som redaktør i 22 år.

 

I 1960-åra blei det gjort store investeringar mellom anna i det tekniske utstyret, men det kosta. Med dårlegare tider gjekk annonseinntektene drastisk ned. I 1991 måtte 33 medarbeidarar gå. Det førte til mykje intern strid. Noko drastisk måtte gjerast. Bindinga til Arbeidarpartiet blei oppløyst og namnet endra til Telemarksavisa. I 1990-åra steig opplaga att. Ringen blei slutta då pressa blei seld og trykkinga overført til Larvik frå 1996 – byen der avisa såg dagens lys i 1921.

 

Skien er den einaste byen i landet med to jamstore aviser. TA og Varden har tevla side om side, og veksla om å vere størst. I 2015 ligg Varden eit lite hakk framfor.

Litteratur

Tore Tveit: Du er ikke alene. TA gjennom 75 år. Skien 1996

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017