Hopp til innhold
X
Innhald

Trønderbladet

Trønderbladet, politisk ubunden lokalavis, som fram til 1996 var ei viktig nynorskavis for Sør-Trøndelag.

Trønderbladet vart skipa på Melhus i Sør-Trøndelag av forleggjaren og avismannen Åsmund Snøfugl under namnet Melhusbladet 14. mars 1979. Etter kvart ville avisa ekspandere, og dei kjøpte opp konkurrenten Gauldalsposten og skifta samstundes namn til Trønderbladet. Det første nummeret av Trønderbladet kom 20. september 1986.
Åsmund Snøfugl var redaktør for Melhusbladet og Trønderbladet frå starten i 1979 og fram til 1996. Seinare har Gerd Søraa (1996–2000), Tormod Utne (2000–02), Liv Helen Vaagland (2002–03), Øystein Syrstad (2003–04) og Krister Olsen (2004–) vore redaktørar.
Etter kvart har Trønderbladet vorte ei lokalavis for fleire kommunar sør for Trondheim. I tillegg til Melhus og Midtre Gauldal er primærområdet Skaun og Klæbu. Stofftilfanget er først og fremst nyhende, kultur og sport, i tillegg til annonsar. Avisa er abonnementsavis og laussalavis, og ho kjem ut tre dagar i veka, med eit nettoopplag i 2011 på 5339. I tillegg har avisa elektronisk produksjon. I dei første åra var kolofonen, leiarane og mykje av stoffet i avisa på nynorsk, men då avisa vart kjøpt opp av Adresseavisen i 1996, vart bokmål redaksjonsspråket. Avisa er politisk nøytral.
Trønderbladet har 16 journalistar og tilsette i marknadsavdelinga, redaktøren medrekna. Hovudkontoret ligg på Melhus. Avisa har òg eit kontor på Støren i Midtre Gauldal.
I 1992 vann Trønderbladet prisen «Årets lokalavis» av Landslaget for lokalaviser, og i 2007 vart avisa kåra til den beste lokalavisa i Midt-Noreg.
Kjelder
E-post frå Åsmund Snøfugl 14.3.2012
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Trønderbladet, tronderbladet.no: http://www.tronderbladet.no/ [lesedato 11.3.2012]
Opplagstal 2011, medienorge.uib.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 11.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 14.11.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013