Hopp til innhold
Utsnitt frå framsida av Tuss og Troll 2004, illustrasjon teikna av Solveig Muren Sanden.
Utsnitt frå framsida av Tuss og Troll 2004, illustrasjon teikna av Solveig Muren Sanden.
X
Innhald

Tuss og Troll

Tuss og Troll er ein tradisjonsrik norsk teikneserie basert på eventyr – først og fremst norske folkeeventyr, men også med innslag av nyskrivne eventyr og eventyr frå heile verda.

Serien stod første gong på trykk i Norsk Barneblad i 1944 og har seinare vore med i bladet i fleire periodar. Sidan 1945 har serien kome ut årleg, som julehefte. Det første heftet, som inneheldt historiene om Mons Raudskjegg og Vesle Gunnlaug, blei raskt ein suksess, og serien har lenge vore ein av klassikarane blant julehefta.

Det var Øyvind Dybvad (1908–1989), seinare redaktør i Norsk Barneblad, som hadde ideen til Tuss og Troll-serien. Jens R. Nilssen teikna serien den første tida, frå 1944 til 1956. Frå 1957 til 1986 teikna Solveig Muren Sanden, og seinare har teikneansvaret veksla mellom Nilssen, Muren Sanden, Håkon Aasnes og Anders Kvåle Rue. Dei ulike teiknarane har gitt serien sine ulike særpreg, men slektskapen og kontinuiteten mellom dei er like fullt lett å sjå.

Øyvind Dybvad skreiv tekstane den første tida, frå 1944 til 1955. Frå 1956 til 1986 var Johannes Farestveit forfattar, medan Olav Norheim, Anders Kvåle Rue, Velle Espeland og Gard Espeland har vore med som forfattarar etter 1987.

Populær frå første stund

Det første Tuss og Troll-heftet kom hausten 1945, etter at Øyvind Dybvad og Jens R. Nilssen hadde prenta fleire teikneserieversjonar av eventyr i Norsk Barneblad frå sommaren 1944. Bortsett frå eit opphald i 1947 kom Tuss og Troll-seriar på trykk i Norsk Barneblad og i det årlege juleheftet fram til 1952. Frå 1953 var serien berre prenta i det årlege juleheftet. Til gjengjeld inneheldt heftet berre nylaga striper. I seinare tid har det vore gjenbruk av eldre striper, men hovudtyngda har vore nylaga forteljingar og teikningar.

Tuss og Troll blei raskt ein populær serie. Somme avskreiv rett nok serien som heidensk og ugudeleg, slik Eirik Helleve viser i Skrinet med det rare i – Norsk Barneblad 125 år: «Nei, få bort dette hedenske at feire julen med nisser og trold og julegriser. Fy for hedenskap i det kristne men dessverre ugudelige Norge», skreiv ein innsendar til Norsk Barneblad i 1958. Dette kan likevel ikkje seiast å vere representativt for mottakinga av serien, som har vore kjærkomen og tradisjonsrik juleunderhaldning for både vaksne og born.

(Artikkelen held fram under biletet)

Framsida av Tuss og Troll 2014

Bilete: Framsida av Tuss og Troll 2014.

Troll og menneske

Kjernen i Tuss og Troll har vore dei norske folkeeventyra. Etter kvart har også utanlandske eventyr og eventyr som er nyskrivne i tråd med folkesegner og tradisjonen, fått innpass. Det er ofte ei naturmytisk stemning i serien, utan at trolla er fullt så trugande som i andre versjonar av folkemytane. Jens R. Nilssen hadde rett nok ein strek som kan minne om dei skumle trollbileta til Theodor Kittelsen, men i periodane då Solveig Muren Sanden teikna, hadde trolla ofte mildare og meir menneskelege trekk.

Dei mest kjende folkeeventyra, til dømes «Kvitebjørn kong Valemon», «Veslefrikk med fela» og eventyra om Espen Oskeladd, er alle representerte i Tuss og Troll.

Ut i Noreg, ut i verda

Tuss og Troll kjem ut i slutten av november kvart år. Dei siste åra har heftet vore på 32 sider – 16 sider med nyteikna eventyr og 16 sider med klassikarar frå den meir enn 70 år lange historia til serien. I 2008 tok Bladcentralen over distribusjonen av Tuss og Troll, medan Norsk Barneblad framleis eig og lagar heftet. Denne distribusjonsavtalen har gitt auka salstal.

Tuss og Troll kom ut på engelsk første gongen i 1978, i omsetjing av Marion John Nelson. Opplaget var då svært lite. I 2012 samarbeidde forlaget Astri my Astri Publishing – som elles har gitt ut teikneserien Vangsgutane under namnet «The boys from Vangen» – Deb Nelson Gourley og Norsk Barneblad om å gi ut serien i tospråkleg bokform i Amerika. Serien er i to band, og det er Odd-Steinar Dybvad Raneng og Alexander Knud Huntrods som har omsett teksten til engelsk.

Solveig Muren Sanden og Johannes Farestveit fekk i 1974 den første teikneserieprisen som Kulturdepartementet delte ut, mellom anna for arbeidet med Smørbukk og Tuss og Troll. Sanden har òg fått Trollprisen under Eventyrfestivalen i Heidal.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Eirik Helleve: Skrinet med det rare i – Norsk Barneblad 125 år. Oslo 2012

Oversikt over nynorske teikneseriar på www.aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/aasen-tunet/museum/vandreutstillingar/Oversikt+nynorske+teikneseriar.b7C_wtDK5G.ips [lesedato 28.11.2014]

Først publisert: 15.12.2014
Sist oppdatert: 12.12.2017