Hopp til innhold
X
Innhald

Tysnes

Avisa Tysnes starta forsiktig, men har etter kvart fått ein sterk posisjon i lokalsamfunnet. Hyttefolket i øykommunen gir òg eit fint tilskot til opplaget.

Tysnes var ei av dei store utvandringsbygdene i Hordaland, der mange busette seg i Midtvesten i USA. Det har alltid merkt bladet Tysnes. Ein av initiativtakarane var Nils Haaland, som hadde vore amerikafarar og hadde fått ideen der borte. Avisa skulle vere eit bindeledd mellom heimkommunen og dei som drog til Amerika.

Det var ein smålåten start for avisa i 1953. Tysnesingane var ivrige avislesarar, men for det meste var det bergensavisene dei heldt seg til, supplert med avisa Sunnhordland, sjølv om kontakten med dei store sunnhordlandsbygdene ikkje var det viktigaste.

To år tidlegare hadde grannekommunen Kvinnherad fått eiga lokalavis, Grenda, som kom ut i Rosendal, og som hadde kosta på seg eige prenteverk. Det sette mot i ti karar på Tysnes, som i mai 1953 sende ut innbyding til eit møte der ein skulle drøfte avisspørsmålet. Møtet blei så vellykka at 21 sa seg interesserte alt på dette møtet, og med trykking i Rosendal kom det første nummeret av avisa Tysnes ut 4. juli same året.

I den første tida skulle avisa kome ut med to nummer i månaden, og årspengane skulle vere 10 kroner. Det var også semje om at utgivaren skulle vere eit bladlag, stiftarane meinte det var for vanskeleg å skipe eit lutlag for oppgåva.

Bonde, forfattar, lokalpolitikar og kulturarbeidar Johannes Heggland (1919–2008) var med frå starten og teikna logoen til avisa. Det var han som skreiv referatet frå det første avismøtet, og sidan skreiv han mykje for Tysnes gjennom eit langt liv.

Tysnes var ein av dei stabile kommunane i Hordaland, som kom ut av dei mange kommunereguleringane i 1960-åra nesten uendra. Isolert var Tysnes ikkje, men utbetring av landverts samferdsel var likevel avgjerande. Litt etter litt endra strukturen seg, jordbruksbygda fekk eit breiare næringsliv, og i dag utgjer primærnæringane under 10 prosent, medan over 60 prosent av folket er sysselsette i privat og offentleg tenesteyting. Dessutan fekk kommunen ein eineståande posisjon som feriestad – det er meir enn 1400 fritidshus på Tysnes, ein stor del bygde av bergensarar.

Ole Skaten kom til avisa som den første heildags tilsette i 1979, då den dugnadsdrivne avisa gjekk over frå éi utgåve annakvar veke til å bli ei vekeavis. Skaten arbeidde seinare nokre år som typograf i avisa Sunnhordland, før han i 1986 blei redaktør i Tysnes.

I dag er Tysnes eit moderne bygdeblad, trykt i Sunnhordland. Tysnes er ei av avisene i Noreg som har størst opplagstal i høve til husstandar. Avisa kjem ut kvar torsdag og har i tillegg ei fyldig nettavis.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017