Hopp til innhold

Ung-Norig

Ung-Norig, eit nynorsk litterært tidsskrift som kom ut i tidsrommet 1918–26.

Ung-Norig vart skipa av Anton Aure, som redigerte bladet til han døydde i 1924. Då tok Henrik Rytter over, til bladet stogga etter det første nummeret i 1926. Det kom ut på forlaget til Erik Gunleikson i Risør.
 
Bladet hadde frå byrjinga 650 abonnentar. Kvart nummer opna som regel med ein omtale av ein nynorsk forfattar. Ved sida av litterære tekstar hadde Ung-Norig oversyn over nye nynorskbøker og i dei første nummera også detaljert informasjon om målreisinga i skuleverket og i kommunal administrasjon. Over fleire nummer i 1923–24 gav Anton Aure eit biografisk oversyn over prestar som preika på nynorsk. Det biografiske oversynet vart i 1924 utgitt som særtrykk.
 
Bladet heldt fram i 1935–36 under namnet Ung Noreg – litterært tidsskrift for ungdomen. Redaktørar no var Conrad Clausen og Olaf Hanssen.
 
Kjelder
Anton Aure: Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør 1924
Bjørn Terje Moen: «Anton Aure – eit hundreårsjubileum», Gamalt frå Fræna 1984. Molde 1984
Idar Stegane: «Anton Aure – den nynorsk bibliografen», Romsdal Sogelag årsskrift 1984. Molde 1984
Ung-Norig, 1918–26
Ung Noreg, 1935–36

Først publisert: 19.01.2011
Sist oppdatert: 08.05.2013