Hopp til innhold
X
Innhald

Valdres

Avisa Valdres på Fagernes har slått tilbake den eine utfordraren etter den andre og blitt einerådande i dalen. Profilen er svært lokal, sjølv om eigaren sit i nabodalen.

Mange hadde nok i byrjinga av 1900-talet sysla med tanken om at Valdres som andre område måtte få sitt eige lokalblad, men det skulle fort vise seg at oppfatningane var delte med omsyn til politisk profil og utgivarstad. Aurdal var framleis det administrative og kulturelle tyngdepunktet i dalen, og der var òg kjernen mellom dei som i 1903 fann tida inne til å dra i gang avisa Valdrissen. Men Fagernes var på veg inn som ein farleg rival, som folk elles i dalen tok til å finne det verd å satse på.

 

Det må i begge leirar ha vore gjort ein del førebuande arbeid i det stille, for begge avisene kasta seg ut på ein liten marknad om lag samstundes. Tre veker etter Valdrissen kom avisa Valdres ut på Fagernes med det første ordinære nummeret, 7. april 1903. Valdrissen kjempa tappert, men måtte gi opp etter to år, i 1905. I 1926 dukka det opp ein ny rival til Valdres, også han i Aurdal. Namnet var Valdres Tidende, og karrieren kom til å vare berre eit års tid. Endå eit lite blaff følgde med Valdres Blad, men i 1929 var også dette eventyret over. Avisa Valdres hadde ein svært vanskeleg økonomi, og grannelaget hadde til tider vore ampert. No blei alt trykkjeriutstyr i Aurdal kjøpt og overført til Fagernes.

 

Valdres tok frå første stund mål av seg til å vere eit samlande organ for dei seks herada i dalføret – Etnedal, Sør- og Nord-Aurdal, Øystre og Vestre Slidre og Vang – og det blei vedtektsfesta at desse herada skulle ha kvar sin representant i styret. Politisk sett skulle bladet vere uavhengig. Det blei lenge ein arena berre for menn, det skulle gå akkurat hundre år før styret fekk sin første kvinnelege leiar. Og om rivalane i si tid representerte dei høgare laga i samfunnet, er det lett å sjå at også dei som dreiv Valdres fram, var blant «dalens fremste menn».

 

Med tidlegare tiders kommunikasjonar og lang avstand til moglege samarbeidspartnarar måtte avisa frå første stund vere komplett utstyrt på den tekniske sida. Dette gav ein overkapasitet som er blitt utnytta ved at avisa har teke på seg trykkjeoppdrag.

 

Med ein liten stab var jamvel fire eller seks sider til tider vanskelege å fylle. Derfor var det lenge slik at riksnyhende tok ein stor del av plassen, og NTB var ein trufast leverandør. Først etter at Jostein Pedersen hadde overteke som redaktør i 1978, blei fjernskrivaren kasta ut. Sidan den tid har Valdres lagt vekt på å reindyrke ein lokal profil. Dei mange hytteeigarane i Valdres har òg gitt eit godt tilskot til opplagstalet.

 

Det har aldri vore vedtektsfesta, men har likevel stått som eit grunnprinsipp at i spaltene skulle både nynorsk og bokmål ha sin rimelege del av plassen. Internt har det vore snakka om ei 50–50-fordeling, i samsvar med det ein finn elles i distriktet.

 

Valdres er i dag eigd av Gudbrandsdølen Dagningen AS på Lillehammer, som kjøpte avisa av Tun Media i 2012.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017