Hopp til innhold

Vangsgutane

Vangsgutane, teikneserie som starta i 1940, med handling frå kvardagslivet i Bygde-Noreg. Dei to gutane Steinar og Kåre er heltane, medan Larris er rampeguten i forteljingane.

Vangsgutane oppstod etter initiativ frå forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag, som ønskte ei motvekt til den amerikanske teikneserien Knoll og Tott. Han fekk lærar og forfattar Leif Halse til å skape Vangsgutane, som kom på trykk første gong i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940. Frå 1941 har serien kome ut som årlege julehefte. Jens R. Nilssen var den første teiknaren, deretter har Bjarne Kristoffersen, Ivar Pettersen, Atle Steinsfjord og John Thoresen vore teiknarar. Frå 1982 til 2010 vart det berre gitt ut hefte med nye opptrykk av eldre hefte, men frå 2011 og utover kom det nye forteljingar skrivne av Sverre Årnes og teikna av Ivan Andreassen.

I Vangsgutane er handlinga lagd til Todalen på Nordmøre, der Leif Halse kom frå. Dei to brørne Steinar og Kåre Vangen er hovudpersonane, men serien har eit stort persongalleri, med mellom andre Sterk-Ola Bakken og urokråka Larris Skjorhagen. Vangsgutane har både spennande og humoristiske innslag, og har vore folkelesnad for yngre generasjonar gjennom mange tiår.

Vangsgutane har fått sitt minnesmerke ved Todalen skule, der Kåre og Steinar står som statuar og ser ut over sitt eige rike. Monumentet, som er laga av bilethoggaren Annasif Døhlen, vart reist ved 100-årsjubileet til Leif Halse i 1997. På sokkelen er det eit relieff av Halse.

 

Kjelder

Arthur Mo: «Vangsgutane frå 1941 til i dag», fonna.no: https://www.fonna.no/vangsgutane [lesedato 29.1.2020]

«Vangsgutane», todalen.no, publisert 25.8.2009: http://todalen.no/severdigheter/vangsgutane/ [lesedato 29.1.2020]

 

Peikarar

Arild Fjukstad: «Vangsgutane», fjukstads.net

Først publisert: 06.08.2020
Sist oppdatert: 23.12.2020