Hopp til innhold
X
Innhald

Varden

Varden blei grunnlagd av radikale venstrefolk, men skifta side til Høgre etter krigen. Avisa knivar med Telemarksavisa om å vere størst i Skien.

Då Varden begynte å kome ut i desember 1874, skilde denne avisa seg radikalt frå dei andre presseorgana i fylket. Medan dei andre avisene var resultat av enkeltpersonar sine synspunkt og økonomiske interesser som reine boktrykkjarprosjekt, blei Varden stifta for å gi ei stemme til den aukande politiske og sosiale folkereisinga som fekk si organisatoriske tilknyting til Venstre.

Varden engasjerte seg raskt med til dels skarpe redaksjonelle synspunkt, mellom anna som forsvarar av allmenn røysterett. Lokalt støtta avisa sterkt utbygginga av Vestfoldbana og var tindrande klar i si støtte til arbeidarbefolkninga i bydelen Bakken i Skien, som stadig fekk flaumproblem etter oppdemming av Hjellevatnet.

Under valet mellom kongedøme og republikk i 1905 var den redaksjonelle linja til Varden glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelse mod.»

Medan resten av fylka i Noreg røysta for kongedøme, gjekk republikanarane av med sigeren i Telemark (Bratsberg amt). Varden kunne nok ta ein god del av æra for det.

Bortsett frå krigsåra, då avisa hadde ein redaktør innsett av NS, var Varden ei rein partiavis for Venstre fram til 1953. Men då partiet støtta dei såkalla «thagaardske prislover» om staten som regulerande instans for prisfastsetjingar, var denne «tvangslova» i så sterk strid med dei liberale tradisjonane i avisa at Varden gjekk over til å støtte Høgre. I 1954 kjøpte Varden forlagsretten til Fylkesavisen, som var ei Høgre-avis, og Rjukan Dagblad i 1967.

På denne tida hadde Varden fått ein solid hovudkonkurrent. Telemark Arbeiderblad (TA) var i sterk vekst, og i slutten av 1970-åra var Telemarksavisa, som TA blei heitande, den største i fylket. TA heldt på forspranget fram til 1988. Då erobra Varden hegemoniet tilbake og har hatt det sidan, sjølv om forspranget ikkje er stort (vel 1000 i opplag i 2015).

Varden var styrt av lokale interesser fram til 1994. Då selde redaktør Bjørn Jacobsen og andre familiemedlemer aksjepostane sine til Orkla Media. Den harde aviskonkurransen mellom Varden og TA har halde fram med uforminska styrke. I 1991 var det rett nok forhandlingar mellom Varden og A‑pressa om full overtaking av TA, men desse forhandlingane førte ikkje fram.

Varden blei seld vidare til Edda Media i 2006. Då Edda Media blei kjøpt opp av A‑pressa i 2012, risikerte ein at det nye konsernet Amedia skulle bli sitjande med begge avisene i Skien, i strid med eigarskapslovgivinga. Resultatet blei at Agderposten i Arendal overtok Varden.

Litteratur

Berner Hansen: Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien 1970

Truls E. Nordby: Varden. Fra fjord til fjell gjennom 125 år. Porsgrunn 1999

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017