Hopp til innhold
X
Innhald

Vårt Land

Vårt Land kom til i fredsåret 1945 som eit forsøk på å skape ei kristeleg dagsavis. Lenge var det strid om kva det skulle tyde. Frå 1960-åra utvida avisa perspektivet. Ein ny generasjon kom inn og gjorde Vårt Land til ei av dei mest spennande avisene i landet.

Mange hadde tenkt og drøymt om å reise ei kristeleg dagsavis i Oslo. Og no var tida inne. Okkupasjonen hadde drive folk inn i kyrkjebenker og bedehus. Kristendomen møtte velvilje. Det blei rom for store prosjekt – for rekristianisering. 31. august 1945 var Vårt Land på gata, med eit vikingskip i nasjonalfargar på framsida.

Men kva slags avis og kva slags innhald? Lekmannsrørsle og kyrkjefolk med sprikande syn hadde funne nærmare saman under krigen – men no? Dei ulike interessene melde seg. Kvar ville ha sitt. Og dei hadde sterke leiarar. No stod det om makt, om mediemakt.

Kinoannonsane blei den store skiljande symbolsaka. Skulle Vårt Land ha kinoannonsar? Her gjekk skiljet for mange. Skulle avisa tryggje ein mur av tru kring «det eine nødvendige» – eller skulle avisa opne for tru i kultur? Før og under krigen hadde somme funne kristendomen nærmare og meir levande enn før. Dei såg ein opnare kultur kring trua i ei slik avis. Forfattaren Ronald Fangen var ein av dei. Han skreiv og skreiv kvar helst han fann ein penn. Men professor Hallesby og hans trugne menn ville tryggje det som var og hadde vore.

Avisa var snart på randa av samanbrot i strid og økonomi – inntil Hallesby mobiliserte eit krafttak. Og det var slutt på kinoannonsane.

Noko imponerande avisprodukt var ikkje Vårt Land – lenge berre fire sider. Redaksjonen prøvde likevel å følgje med i verda. Redaktøren Bjarne Høye klipte «Kringsjå» dagleg og fekk det meste til å henge i hop.

Avisa hadde sine feidar innetter og utetter. Kristendom i konservativ utforming heldt dei redaksjonelle linjene i forsvar. Det normale skulle verjast – mot liberal teologi og kommunisme. Høye heldt kursen år etter år.

Men så gjekk Høye av. Kven skulle ta over? Prestar og profetar kom i noko skiftande takt. Avisa sleit og var ikkje langt frå samanbrotet.

Då skjedde det visst eit under: sekstiåra! Ein ny generasjon kom med nye tonar, moderne journalistikk, ny teknologi, fargar, open debatt, innsyn i konfliktar – innetter hos «kristenfolket» og utetter i front. På leiarplass fekk etiske og teologiske spørsmål såpass rom at balansen heldt innanfor lesarflokken. Spaltene spruta. Avisa blei beint fram spennande! Vårt Land fekk særleg i Thor Bjarne Bore si redaktørtid (1974–83) ord på seg for å vere ein «redaktørskule», etter kvart som fleire av dei dugande medarbeidarane tok over leiinga av andre og større aviser.

Og så ein dag – i 1981– kom kinoannonsane! Vårt Land fekk i 1983 tildelt norsk presse si høgaste utmerking, Narvesen-prisen, av Norsk Presseforbund. Ved tildelinga blei redaksjonen rost for god utvikling av journalistikk og produkt, med knappe ressursar.

Det same kan seiast i dag. Vårt Land har plassert seg som avisa for den liberale og radikale delen av kristenfolket og som eit svært oppegåande debattorgan både på papir og nett. Vårt Land AS inngår i 2015 i mediekonsernet Mentor Medier AS.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017