Faktaboks

Vest-Telemark Blad
Offisielt namn
VEST-TELEMARK BLAD AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Kviteseid
Stifta
02.07.1973
Dagleg leiar
Tor Arve Vartdal
Styreleiar
Per Stordrange
Logo
Logo
Av .

Opplagstall for Vest-Telemark Blad, 1986-2022

1986 4468
1988 4809
1990 4780
1991 4780
1992 4963
1993 5393
1994 5242
1995 5354
1996 5458
1997 5550
1998 5690
1999 5739
2000 5883
2001 5156
2002 5502
2003 5519
2004 5517
2005 5425
2006 5472
2007 5493
2008 5530
2009 5660
2010 5675
2011 5632
2012 5571
2013 5603
2014 5521
2015 5484
2016 5307
2017 5268
2018 5119
2019 5563
2020 5536
2021 5593
2022 5731
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Vest-Telemark Blad er ei lokalavis som kjem ut i Kviteseid i Telemark. Avisa kom ut første gang i 1973 og er eigd av flere aksjonærar, mellom anna Sparebanken Sør med 12 prosent.

Avisa dekkjer området Vest-Telemark, med kommunane Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.

Bakgrunn

Det første nummeret av Vest-Telemark Blad kom ut i Kviteseid 13. november 1973, med Tore Skaug som redaktør. Avisa vart til etter eit grundig førebuingsarbeid og aksjeteikning i fleire av kommunane i Vest-Telemark. Også Studentmållaget i Oslo og Riksfondet for nynorsk presse støtta den nye avisa.

Økonomisk kom Vest-Telemark Blad på tryggare grunn etter kvart som ho fekk overtaket på annonsemarknaden i nedslagsfeltet sitt og fekk støtte både frå næringsliv og kommunar til å byggje eit nytt og moderne avishus.

Drift

Framgangen til den nye bygdeavisa medverka sterkt til betre dekning av vestfylket hos dei to store Skien-avisene, Varden og Telemarksavisa. Og det hjelpte på opplagstalet til Vest-Telemark Blad at begge desse byavisene hadde vore talerøyr for norsk medlemskap i EEC. Avisa vart ei inspirasjonskjelde for andre som ville starte lokalavis i distriktet i 1970-åra, mellom anna Dølaposten på Otta, som starta i 1978 og dekte fleire kommunar i Nord-Gudbrandsdalen.

Opplaget var i 1974 på 2900 eksemplar. Avisa vert redigert på nynorsk.

Opplag

År Opplag
2020 5536

Statistikken viser netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Almenningen, O. ofl. (1981): Norsk målreising i 75 år. Oslo: Fonna Forlag
  • Bø, B., Dalland, Ø. & Stugu, O. S. (1974): Tre aviser i Bygde-Norge. Altaposten, Driva, Vest-Telemark Blad. Oslo: Samlaget
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

Vest-Telemark Blad
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg