Hopp til innhold
X
Innhald

VestnesAvisa

VestnesAvisa, lokalavis for Vestnes kommune i Møre og Romsdal, skipa i 1989.

VestnesAvisa kom med første nummeret som abonnementsavis 26. juli 1989. Før den tid hadde avisa eksistert som gratisavis i om lag fem år. VestnesAvisa AS er eigar av avisa, med Jon Halkjelsvik som hovudaksjonær. Også Olav Hole og Kåre Halkjelsvik eig aksjar i avisa. VestnesAvisa vert prenta ved Polaris Trykk i Ålesund.
Avisa, som kjem ut ein gong i veka, dekkjer både små og store hendingar i nærmiljøet i Vestnes. Ho er redigert både på bokmål og nynorsk. VestnesAvisa er også medlem av organisasjonen Landslaget for lokalaviser.
Olav Hole var redaktør for avisa frå 1989 til 2011. Då tok Helene Henriksen over stillinga. I 2012 hadde VestnesAvisa fire tilsette, i til saman 3,5 årsverk, i tillegg til frilansarar.
Opplagstalet har mellom 2004 og 2012 halde seg rett i overkant av 1900. Godkjent opplagstal for 2011 var 1926.
Kjelder
E-post frå redaksjonen i VestnesAvisa 14.6.2012
Om VestnesAvisa, Landslaget for lokalaviser. http://lla.no/medlem/ [lesedato 14.6.2012]
Peikarar
Nettstaden til VestnesAvisa

Først publisert: 09.07.2013
Sist oppdatert: 09.07.2013