Hopp til innhold
X
Innhald

Ytre Sogn Avis

Ytre Sogn Avis, lokalavis for Ytre Sogn skipa i 1998, som kjem ut i Høyanger i Sogn og Fjordane som papiravis to gonger i veka.

Ytre Sogn Avis vart starta etter nedlegginga av Sogn Dagblad i 1997, noko som hadde ført til at Høyanger og distriktet Ytre Sogn stod utan eigne lokalaviser. Avisa kom ut første gong 9. juni 1998.
Ytre Sogn Avis hadde i 2011 eit opplag på 1517. Avisa blei fram til 2006 trykt i Sogn Avis sitt trykkeri på Leikanger, seinare i Førde. Redaktør sidan oppstarten har vore Rune Sviggum. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.
Eigarform og økonomi
Ytre Sogn Avis er organisert gjennom eit aksjeselskap med Høyanger Næringsutvikling AS (40 %), Ingvald Husabø Prenteverk AS (40 %) og ei foreining av dei tilsette (20 %) som eigarar.
Utbreiing og publisering
Ytre Sogn Avis dekkjer kommunane frå Solund til Høyanger. Dette distriktet ligg også innanfor dekningsområdet til avisa Firda, som er mykje større og som er Ytre Sogn Avis sin konkurrent.
Som så mange andre papiraviser har Ytre Sogn Avis fått merke den sterke tevlinga frå internett. Det beste året var 2001 med 2073 i opplag. Seinare har det gått nedover.
Ytre Sogn Avis har i tillegg til papirutgåva publisering på ei nettside som er forholdsvis enkel. Denne publiseringa tok til i 2003.
Redaksjonell profil
Ytre Sogn Avis er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet indre Sogn. Avisa har heile tida vore partipolitisk uavhengig.
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009. Førde 2009
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010 
Eigarar Ytre Sogn Avis, medietilsynet.no,
Opplagstal norske aviser 2011, medienorge.uib.no, http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [Lesedato 9.5.2012]
 
Peikarar
Nettstaden til Ytre Sogn Avis/Høyangerportalen

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013