Hopp til innhold

Adolf M. St. Arctander

Adolf Maurits Stenbock Arctander var teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar av klassiske skrifter. I studietida vart han vekt av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og for resten av livet var han overtydd målmann.

Les meir om Adolf M. St. Arctander

Alv Askeland

Alv Martin Askeland, sokneprest og sentral aktør i Vestmannalaget gjennom mange tiår. Han forma den ideen som blei til Akademiet i Rauland.

Les meir om Alv Askeland

Anders Aschim

Anders Aschim er prest, professor, bibelomsetjar og faglitterær forfattar. Hovudverket hans til no er ein detaljert og velskriven biografi om professoren, politikaren og salmediktaren Elias Blix.

Les meir om Anders Aschim

Anders M. Andersen

Anders Magne Andersen, tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har markert seg som offentleg debattant og var den første redaktøren i Klassekampen.

Les meir om Anders M. Andersen

Anton Aure

Anton Magnus Aure, boksamlar og bibliograf som på vel 20 år bygde opp ei eineståande samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt.

Les meir om Anton Aure

Karl Akre

Karl Edvard Pedersen Akre var lærar. Saman med Ananias Brune stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Les meir om Karl Akre

Mathias Askevold

Mathias Askevold, handelsmann og forfattar, var blant dei mestseljande nynorskforfattarane på byrjinga av 1900-talet, med skrønesamlingar frå Sunnfjord.

Les meir om Mathias Askevold

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth, pressefotograf som har vunne ei rekkje prisar for dei uttrykksfulle og levande bileta sine, både av kvardagslege og oppsiktsvekkjande situasjonar.

Les meir om Oddleiv Apneseth

Reidar Almås

Reidar Almås, professor og grunnleggjar av Norsk senter for bygdeforskning. Grøn omsorg, samdrift og endringsprosessar på bygda er nokre av dei prosjekta han har forska på.

Les meir om Reidar Almås

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland, organist og etnomusikolog som har markert seg både som utøvar og forskar med sterk interesse for folkelege og verdslege uttrykk.

Les meir om Sigbjørn Apeland

Solfrid Aksnes

Solfrid Aksnes er biletkunstnar og formgivar. Aksnes er mest kjend som kollasje-kunstnar, der ho nyttar mange ulike materiale i det same uttrykket.
Les meir om Solfrid Aksnes