Hopp til innhold

Hans Aarnes

Hans Daniel Kristenson Aarnes, redaktør og forleggjar. Han var ein av dei store gründerane i norsk pressehistorie generelt og nynorsk pressehistorie spesielt.

Les meir om Hans Aarnes

Olav Åsmundstad

Olav Tordsson Åsmundstad var mellom dei tidlege målmennene i Gudbrandsdalen, og han var den første som omsette ei islandsk ættesoge til landsmål.
Les meir om Olav Åsmundstad

Knut Åm

Knut Åm, norsk sivilingeniør, geofysikar, industrileiar og professor, som mellom anna har vore direktør i Phillips Petroleum.

Les meir om Knut Åm

Jonathan Aars

Jacob Jonathan Aars, filolog og rektor. Han grunnla ein høgre skule, gav ut rettskrivingsreglar til skulebruk og var med og førebudde rettskrivinga av 1907.

Les meir om Jonathan Aars

Terje Aarset

Terje Aarset

Terje Aarset, professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har lagt ned eit stort arbeid i utgivinga av Ivar Aasens skrifter og har skrive eit pionerverk om den nynorske songskatten.

Les meir om Terje Aarset

Olav Åm

Olav Åm, skuledirektør og kulturarbeidar. Han var med på dei første forsøka med 9-årig skule og var medredaktør for det første leksikonet som kom både på bokmål og nynorsk.

Les meir om Olav Åm

Yngve Årdal

Yngve Årdal er utanna typograf og vart i 2012 ansvarleg redaktør for den største nynorskavisa i Noreg, Firda, som kjem ut i Førde.

Les meir om Yngve Årdal

Magnar Åm

Magnar Åm

Magnar Åm er ein komponist som sameiner eit fritonalt tonespråk med melodiske kvalitetar, og som tek både tradisjonelle og folkemusikalske element opp i sitt personlege uttrykk. Dei fritonale elementa blir kombinerte med eit sterkt medvit om musikken sin plass i rommet, noko som gjer koreografi og plassering av instrumenta til ein integrert del av musikken.

Les meir om Magnar Åm