Faktaboks

Bjørn Aksdal
Fødd
24. oktober 1953, Trondheim, Trøndelag

Bjørn Aksdal er forskar og skribent, og ein av dei fremste folkemusikk-kjennarane i Noreg.

Han har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Trondheim, no NTNU. Som forskar og skribent har han gjort seg gjeldande i inn- og utland og har publisert ei rad med artiklar og bøker. Han har vore musikkmeldar i ulike tidsskrift og aviser og har formidla folkemusikk som programskapar for NRK radio. Aksdal har interessert seg spesielt for dei eldre instrumenta, både som utøvar, samlar, forfattar og plateprodusent. Interessa for eldre instrument førte mellom anna til boka Med Piber og Basuner, Skalmeye og Fiol (1982). Han har òg utgitt pedagogiske artiklar relatert til folkemusikk. Aksdal var medredaktør og medforfattar i bøkene Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk (1993) og Trollstilt. Lærebok i tradisjonsmusikk (1998). I 2021 kom boka Langeleiken – heile Noregs instrument som han skrev saman med Elisabeth Kværne.

Aksdal var frå 1986 til 2016 knytt til Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff). Han var leiar i Norsk folkemusikklag frå 1988 til 1992, og frå 2013 til 2023.

I 1990-åra var Aksdal leiar for Hardingfeleprosjektet, eit omfattande forskingsprosjekt om dei eldste hardingfelene. Dette prosjektet starta i 1995 og hadde to hovuddelar: dokumentasjon og datering av hardingfeler som var bygde før cirka 1870. Føremålet var å etablere ei framstilling av den eldste historia til hardingfela og dessutan den kronologiske og regionale utviklinga. Det omfattande materialet er formidla i boka Hardingfela (2009) og har fått fram mykje ny kunnskap om dette instrumentet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Forfattaromtale i Norsk folkemusikklag si årbok 2008
  • Forfattaromtale i Årbok for folkemusikk 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg