Faktaboks

Gunnstein Akselberg
Fødd
20. juli 1949, Voss
Gunnstein Akselberg
Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg er ein norsk namnegranskar og professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. Han er fast gjest i Linda Eides TV-program Eides språksjovNRK.

Bakgrunn

Gunnstein Akselberg er fødd på Voss. Han tok examen artium ved Voss gymnas i 1969. I 1979 vart han cand.philol. ved Universitetet i Bergen. Same året tok han pedagogisk seminar. I 1995 disputerte han til graden dr.art. med ei avhandling om sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune. I perioden 1980–90 var han lektor ved Langhaugen gymnas, samstundes som han underviste ved Universitetet i Bergen som førsteamanuensis.

Sidan 1997 har han vore professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, der han har arbeidd med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegransking. Han var prodekan frå 2002 til 2005 og dekan frå 2005 til 2009. Sidan 2019 har han vore professor emeritus.

Verksemd

Frå 1995 til 2012 var han medredaktør for Namn og Nemne, eit tidsskrift for namnegransking som vert gitt ut av Norsk namnelag. Frå 1998 til 2006 var Akselberg leiar av namnelaget. Han var òg leiar for prosjektet «Talemålsendring i Noreg», eit nasjonalt prosjekt for gransking av talemålsutviklinga i landet, etablert i 1999.

Som redaktør for skriftserien Målbryting har Akselberg sørgt for at mykje av denne talemålsforskinga har vorte publisert. I 2003 redigerte han Norsk dialektologi, ein antologi med tekstar frå den sjuande nordiske dialektologkonferansen. I 2008 gav han ut boka Ord og uttrykk frå Hordaland. I lag med Brit Mæhlum, Unn Røyneland og Helge Sandøy har han skrive ei innføringsbok i sosiolingvistikk: Språkmøte – innføring i sosiolingvistikk (2008). Akselberg har òg vore med og gitt ut fleire lærebøker for norskfaget i vidaregåande skule. Frå 2010 var han prosjektleiar for NFR-prosjektet «Språkutvikling på industristader».

Media

Frå 2017 er han fast gjest i programmet Eides språksjov på NRK, der Linda Eide og Akselberg tek opp ulike emne om språk, namn og nemningar. Akselberg har i fleire år hatt sitt eige språkprogram med lyttarspørsmål på NRK Hordaland og si eiga språkspalte i avisa Hordaland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Akselberg, G., red. (2003): Nordisk dialektologi. Oslo: Novus
  • Namn og Nemne nr. 26/2009

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg