Faktaboks

Håkon Aasnes
Fødd
13. februar 1943, Oslo
Portrett, 2002
Håkon Aasnes skreiv og teikna i Donald Duck & Co i 1976, 1977 og 1978.
Portrett, 2002
Av /VG/SCANPIX.

Håkon Aasnes er ein norsk teikneserieskapar, basert i Aurskog og kjent for fleire populære seriar frå bygdemiljø, mellom anna Smørbukk og Nr. 91 Stomperud.

Eigne seriar

Aasnes er ein av nestorane i norsk teikneseriehistorie, ein av dei mest produktive og hardtarbeidande i bransjen. Han har laga teikneseriar sidan han var fire år gammal, men livnærte seg dei første åra som minkskinnsorterer, nattevakt, snikkar, båtprodusent og reklamemann.

Han debuterte på trykk 6. august 1972, med avisstripa Seidel og Tobram, men blei teikneserieskapar og illustratør på heiltid fyrst ti år etter. Denne humoristiske spenningsserien vart publisert i 20 år, på det meste i 16 norske aviser. Den totale produksjonen er på rundt 5000 striper.

Vi på Eiketun gjekk i Bondebladet frå 1987 til 2012, totalt 1159 sider. Den var i utgangspunkt ein serie for barn, men utvikla seg til ein avansert familieserie og etter kvart ein serie for vaksne. «Alt er sett frå eit bygdeperspektiv, men Aasnes sin ofte bitande ironi og respektlause karakteristikkar går like ofte ut over bygdefolket sjølve som representantane for storsamfunnet», skreiv Gard Espeland om serien. Aasnes spant frå 1991 til 2016 vidare på dette universet i Annika, ein teikneserie for barn og ungdom, ofte med vaksne tema som skadeleg bruk av rusmiddel og seksuelle overgrep. Albumet Annika: Den nifse natta! kom i 1997.

Av andre eigne teikneseriar kan ein nemne Gjest Baardsen, Kråka Konrad, Hanna, Formann Olsen, Brage Breiskalle, Frode Eiriksson og Zanthar.

Oppdragsseriar

Han teikna ein historie med Fantomet i 1982, etter manus av Eirik Ildahl, ein figur han alt hadde teikna 100 striper med sommaren 1949, men utan tekst. Han er også ein av svært få nordmenn som har både skrive og teikna for Donald Duck & Co, totalt bidrog han til 43 seriar frå 1976 til 1978.

Aasnes har i tillegg teikna Gråtass, Blekkulfs miljødetektiver, Anne-Cat. Vestlys jul og Olsenbanden.

Smørbukk og Stomperud

Jubileumsboken som ble utgitt til 80-årsdagen til Håkon Aasnes i 2023.
Jubileumsboken som ble utgitt til 80-årsdagen til Håkon Aasnes i 2023.
Av /Egmont.

Aasnes sitt hovudverk er Smørbukk, som han har teikna sidan 1983, både den faste heilsida i Norsk Barneblad og juleheftet. I starten samarbeidde han med ulike forfattarar, men overtok manus for einsiderne frå 1990 og for julehefta frå 2000. Han gjennomførte mellom anna ei tydeleg oppdatering og modernisering av serien.

I 2005 overtok han ansvaret for ein annan nasjonalskatt, Nr. 91 Stomperud, det første året i samarbeid med Leif Isaksen. Sidan har Aasnes teikna og skrive det populære juleheftet på eiga hand. Frå 2011 har han også teikna og skrive juleheftet Tuss og Troll.

Prisar

Aasnes fekk Teikneserieprisen for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1981 for Fra skolebenk til gårdsarbeid, og i 2017 vann han Sproingprisen for beste norske teikneserie for Smørbukk: Jula 2016.

I 2023 kom hyllestboka Håkon Aasnes: Norges største tegneserieskaper.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg