Faktaboks

Olav Åm
Fødd
8. januar 1918, Vats i Vindafjord, Rogaland
Død
25. mai 2009, Førde (no Sunnfjord), Vestland

Olav Åm var ein norsk skuledirektør og kulturarbeidar. Han var med på dei første forsøka med 9-årig skule og var medredaktør for det første leksikonet som kom både på bokmål og nynorsk.

Bakgrunn

Olav Åm var fødd i Vats (no Vindafjord) i Rogaland og døydde i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han voks opp i Rogaland og Østfold, tok examen artium i Halden i 1939 og lærareksamen i Volda i 1941. I 1948–1949 studerte han realfag ved Universitetet i Oslo og vart cand.mag.

Skulearbeid

Åm arbeidde eit par år i folkeskulen og framhaldsskulen, var rektor ved Årdal realskule i 1943–1945, rektor ved realskulen i Oppdal i 1945–1956 og frå 1956 styrar for ein 9-årig forsøksskule i Ørsta, ein av dei første i landet. Frå 1963 til 1985 var han skuledirektør i Sogn og Fjordane og slo seg ned i Leikanger. Åm sat i Skulekomiteen av 1965 («Steen-komiteen», etter leiaren Reiulf Steen), som i 1965–1970 greidde ut vidaregåande opplæring for aldersgruppa 16–19 år, og som la grunnlaget for lov om vidaregåande opplæring av 1974.

Utgjevingar

Han var ein mykje brukt foredragshaldar og kåsør. Saman med Gunnar Mjaaland skreiv han Matematikk for ungdomsskulen (første utgåva 1965–69). Han var medredaktør for nynorskutgåva av Hermes leksikon (1979), det første leksikonet med utgåver både på bokmål og nynorsk, og gav i 1998 ut diktsamlinga Fykande frø. I 2005 kom dikta som lydbok, lesne av forfattaren sjølv, som då var 87 år gamal.

Utmerkingar

Åm var nynorskbrukar og vart i 2002 tildelt Målrosprisen av Sogn og Fjordane Mållag. I 2003 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Karl Bakke: Norske skolefolk. Stavanger 1952
  • Pål Arne Dimmen: «Sunnmøringane i bresjen for den største skulereformen i landet», Årbok for Sunnmøre 2005. Ålesund 2005
  • Per Kvist: En vandring gjennom norsk skolehistorie. Innføring i reformene i grunnskolen etter 1945. Bergen 1999
  • Odd Asbjørn Mediås: Skoledirektørembetet i Norge 1860–1992. Oslo 1996
  • Torleiv Vaksvik: Gjennom skolevinduet. Kristiansand 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg