Ronny Brede Aase er journalist og var i over ti år programleiar i P3morgen på NRK Radio saman med mellom andre Silje Reiten Nordnes og Markus Neby.
Ronny Brede Aase
Faktaboks
- Fødd
- 19. september 1986, Førde, Vestland
Bakgrunn
Ronny Brede Aase er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk ved Mo og Jølster vidaregåande skule i 2002–2005 og studerte digital medieproduksjon ved Høgskolen i Østfold i 2005–2006.
Radio og TV
Brede Aase fekk jobb i NRK Sogn og Fjordane i 2006 som sommarvikar, og blei tilsett i NRK som programleiar i 2007. Brede Aase leia radioprogrammet P3morgen frå 2007 til 2019. Som programleiar held han eit høgt tempo, er uredd og stilsikker og får folk til å opne seg. Han har òg vore programleiar for fjernsynsproduksjonane P3aksjonen, VG-lista topp 20, Sommeråpent, P3 Gull, Linn og Ronnys tacoshow og Melodi Grand Prix.
I mars 2020 starta Brede Aase og sambuaren Tuva Fellman NRK-podkasten I karantene med Ronny og Tuva då Brede Aase var sett i karantene grunna koronavirus-pandemien. Våren 2021 kom Brede Aase sin eigen dokumentariske underhaldningsserie Eit feitt liv på NRK, der Brede Aase undersøkjer korleis kosthaldet hans påverkar både eiga livsglede og framtidsutsiktene for helsa hans. I 2021 melde Brede Aase overgang frå NRK til Discovery.
Språkmedvit
Utmerkingar
Brede Aase fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2009. Saman med programleiar Live Nelvik blei han kåra til årets radionamn og årets programleiar under prisutdelinga Prix Radio i 2011, og i 2014 fekk han prisen saman med Silje Reiten Nordnes. I 2017 fekk han igjen prisen, då saman med Nordnes og Markus Neby. Same året fekk Brede Aase, Nordnes og Neby Dialektprisen av Norsk Målungdom. I 2019 fekk han Kringkastingsprisen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.