Faktaboks

Arne Bergsgård
Fødd
18. april 1886, Vestre Sildre
Død
18. juni 1954, Tondheim
Verke
Historiker
Familie

Foreldre: Lærer og amtsskolebestyrer Asle Bergsgaard (1850–1930) og Ingeborg Thue (1866–1958).

Gift 29.12.1921 med lærer Unni Eng (26.09.1886–9.3.1925), datter av distriktslege Oskar Norman Eng (1847–1921) og Wilhelmina Olea Sand (1849–1918).

Arne Bergsgård var ein norsk historikar. Han vart dr.philos. i 1933, dosent ved Noregs lærarhøgskule i 1922, og professor ved same stad i 1935.

Blant Bergsgård sine verk kan nemnast doktoravhandlinga Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken (2 bind, 1932) som er hovudarbeidet hans, Formannskapslovene (1937), Året 1814 (2 bind, 1943–1945), Nasjonaliteten i europeisk historie (1946) og det ikkje fullførte Frå 17. mai til 9. april, norsk historie 1814–1940 (1958, avsnittet om perioden 1814–1884 kom i revidert utgåve i 1964).

Som historikar arbeidde Bergsgård særleg med 1800-talet og nasjonalitetsproblematikken. Han identifiserte seg med Venstre-tradisjonen med dei nasjonale, bondenorske idear. Noregshistoria til Bergsgård ber preg av den vekta han la på Stortinget si rolle.

Bergsgård var medlem av styret i Noregs Mållag frå 1929 til 1936, og 1934 medlemmer av den komiteen som førebudde rettskrivingsendringane i 1938. Han var også med i Undersøkelseskommisjonen av 1945, og utarbeidde for kommisjonen Utrikspolitikken til april 1940.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg